Smittevernrettleiar for grøntnæringa er endeleg på plass

Rettleiaren gjev råd for korleis ein skal leggje til rette for gode karanteneforhold for sesongarbeidskraft som kjem frå andre land. Den gjev også råd om kva slags arbeid som kan utførast under karanteneperioden og etterpå, og på kva måte arbeidet må skje for å sikre at smitte ikkje blir spreidd.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.05.2020

Smittevernrettleiaren for produksjon av frukt, bær, grønsaker og potet er publisert på Mattilsynet sine heimesider.

Rettleiaren er laga av Mattilsynet, Arbeidstilsynet, Stiftelsen Matmerk og Fylkesmannen i Vestland (med faglege råd frå Fylkesmennene i resten av landet), på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Det er tatt utgangspunkt i mal for rettleiar publisert av Folkehelseinstituttet (FHI) 28.04.2020, og rettleiaren har vært på en kort høyring hos FHI og i Bondelagets arbeidsgruppe for grøntproduksjon.

Vi oppmodar kommunen si helseteneste og produsentar av grønt om å sette seg godt inn i rettleiaren.

Sjå her for meir informasjon og lenke til sjølve dokumentet. 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.