Måltidsglede for eldre

Måltidsvennene ved Tjølling, Furuheim og Stavern sjukeheim saman med Erlend Eliassen frå Matgledekorpset. Foto: Lisbeth Haugan
Måltidsvennene ved Tjølling, Furuheim og Stavern sjukeheim saman med Erlend Eliassen frå Matgledekorpset. Foto: Lisbeth Haugan

Matgledekorpset trefte Måltidsvennene ved Tjølling, Furuheim og Stavern sjukeheim til ein inspirasjonskveld i går. Tilsette og frivillige, mellom dei Tjølling Bygdekvinnelag, delte erfaringane sine med kvarandre. 

Publisert 01.10.2021

Dei hadde ulike erfaringar med tilgang til å laga mat frå botnen av på avdelingskjøkkenet, og ulike moglegheiter for å få tilgang til lokale råvarer i høve til sesongen.

Tilbakemeldingane var mange, og Matgledekorpset vil følgje opp med inspirasjonsmøte og kurs for sjukeheimane utover hausten. Dette for å ta vare på det gode engasjementet frå både sjukeheimsleiinga og dei frivillige.

Kontaktpersoner