Kurs i økonomisk rådgjeving

Dato:
4. november 2021 09:30 - 5. november 2021 15:30
Stad:
Scandic Park Hotel Sandefjord
Arrangør:
Helse- og omsorgsavdelinga
Målgruppe:
Tilsette i Nav med brukarkontakt og nytilsette i Nav.

I samarbeid med Armand Vestad inviterer vi til kurs i økonomisk rådgjeving. Målet med kurset er at tilsette i Nav skal kunne gje økonomisk rådgjeving på eit generelt nivå, og avdekke og førebygge økonomiske problem.

Publisert 27.09.2021

Kvifor tilbyr vi dette kurset?

Økonomisk rådgjeving er ei lovpålagd individuell teneste etter sosialtenestelova § 17. Tenesta er ei av kjerneoppgåvene i Nav-kontoret, og tilsette i Nav-kontora treng grunnleggjande kunnskap om tenesta og aktuelle tema for å kunne gi generelle råd og rettleiing og for å kunne vidareformidle personar med større problem til ein spesialist innan økonomisk rådgjeving.

Mange kan ha økonomiske problem sjølv om dei ikkje gir uttrykk for det. Covid-19 pandemien har i stor grad bidrege til at mange menneske har fått sin økonomiske kvardag endra, og behovet for rådgjeving vil vere aukande i tida framover. Difor er det viktig at tilsette i Nav har kunnskap om økonomisk rådgjeving om dei avdekkjer slike problem.

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark tilbyr derfor eit kurs tilpassa tilsette i Nav-kontora. Målet vil vere at deltakarane skal lære om korleis ein kan avdekka økonomiske vanskar, og vite kva vi skal gjere med det. Vi inviterer difor til to identiske kursdagar, meld deg på den dagen som passar best for deg.

Deltakarar som har meir enn to timars reiseveg frå arbeidsstaden, og som har behov for overnatting bes kontakte Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark for avklaring.

Påmeldingsfrist er 15. oktober 2021. Påmelding er bindande.

Det er avgrensa med plassar kvar dag, og vi vil ta kontakt med kvart enkelt kontor dersom kursa blir fulltegna.

Dato:
4. november 2021 09:30 - 5. november 2021 15:30
Stad:
Scandic Park Hotel Sandefjord
Arrangør:
Helse- og omsorgsavdelinga
Målgruppe:
Tilsette i Nav med brukarkontakt og nytilsette i Nav.

Kontaktpersonar