Prosjekt om riktigare bruk av antibiotika i sjukeheimar

Sjukeheimar i tidlegare Telemark er invitert til å vera med på eit antibiotikaprosjekt med målsetjing om riktigare antibiotikabruk og reduksjon av antibiotikabruken. Oppstartseminar 27. april er diverre utsett grunna sjukdom. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.03.2021, Sist endra 14.04.2021

Prosjektet riktigare antibiotikabruk for sjukeheim og kommunale helseinstitusjonar (RASK) skulle starta i digitalt format med e-læringskurs og webinar for helsepersonell i kommunale helseinstitusjonar i dei gamle Telemarkskommunane 27. april 2021. Oppstartseminaret må diverre utgå, men prosjektgruppa kjem attende med ny dato.

Målsetjinga er å hindra at antibiotikaresistens blir eit endå større problem i helsetenesta. 

RASK har som mål å auka kunnskapen om førebygging, diagnostikk og behandling av infeksjonar i sjukeheim. Kurset er retta mot både legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell. Det er ønskjeleg at flest mogleg sjukeheimar deltek.

Prosjektet starta hausten 2016 som eit ledd i arbeidet med Regjeringa sin Handlingsplan mot Antibiotikaresistens i primærhelsetenesta. RASK skal gjennomførast i alle fylka i landet, og det har vore høg deltaking, gode resultat og gode tilbakemeldingar. Erfaringar frå fylker som allereie har delteke i prosjektet, viser at det er mogleg å bruka mindre antibiotika utan at pasientane får dårlegare behandling.

Prosjektet blir gjennomført av Antibiotikasenteret for Primærmedisin i samarbeid med Nasjonal kompetanseteneste for antibiotikabruk i spesialisthelsetenesta, Norsk foreining for alders- og sjukeheimsmedisin, Folkehelseinstituttet og Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Lenkjer