Auka merksemd på habiliterings- og rehabiliteringsfeltet

Evalueringa av opptrappingsplanen for habilitering- og rehabilitering viser at det har vore ei viss styrking av rehabiliteringstenestene, men at det er lite som tyder på at habiliteringsfeltet har vorte vesentleg styrkt i perioden.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.03.2021

Opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering (2017–2019) vart lansert for å styrka habilitering og rehabilitering i kommunane. Kommunane fekk midlar både i form av rammetilskot og etter søknad om tilskot hos Statsforvaltaren. Særleg fokus har vore retta mot å få på plass overordna planar for rehabilitering og habilitering, styrking av Koordinerande einingar, og å få på plass nødvendig breiddekompetanse i kommunane.

Evalueringsrapporten viser at det har vore positivt med meir merksemnd på eit felt som tidlegare ikkje har vore tilstrekkeleg prioritert. Firmaet KPMG, som har evaluert opptrappingsplanen, finn at planen har vore meir ein tilskuddsordning enn ein plan rigga for å bidra til ei varig styrking. Dei rår til at det blir laga ein nasjonal plan for habilitering og rehabilitering og peiker på behovet for auka kunnskap, tydelegare retningsliner og avklaring av ansvar.

Du kan lesa meir om saka på Helsedirektoratet sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar