Korleis bygge laget rundt barnet/eleven?

Kompetanseløftet konferanse 21002.21, Christine Scott, PP-rådgiver i Re kommune. 

I Vestfold og Telemark fylke har Holmestrand og Tønsberg kommune vore med frå 2020.

Bakgrunn for at dei ønska å delta:
Det var 11 kommunar som meldte interesse om å verte med i ordninga frå hausten 2021. Dei 8 kommunane som får vere med frå 2021 skal bruke hausten 2021 og våren 2022 til  kartlegging og analyse. Frå 2022 blir det ei ytterlegare opptrapping.
Kompetanseløftet konferanse 21002.21, Christine Scott, PP-rådgiver i Re kommune. I Vestfold og Telemark fylke har Holmestrand og Tønsberg kommune vore med frå 2020. Bakgrunn for at dei ønska å delta: Det var 11 kommunar som meldte interesse om å verte med i ordninga frå hausten 2021. Dei 8 kommunane som får vere med frå 2021 skal bruke hausten 2021 og våren 2022 til  kartlegging og analyse. Frå 2022 blir det ei ytterlegare opptrapping.

Satsinga på kompetanse omfattar heile laget rundt barna og elevane, og skal bidra til at den spesialpedagogiske hjelpa er tett på dei barna som har behov for det. Samtidig skal oppgåvene til Statped (statlege spesialpedagogiske støttetenester) bli tydelegare og meir spissa for barn med varige og omfattande behov. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 16.04.2021

Mål med kompetanseløftet: Kompetanseløftet skal bidra til at alle kommunar og fylkeskommunar har tilstrekkeleg kompetanse tett på barna og elevane for å kunne fange opp og gje eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod til alle, inkludert barn og elevar med behov for særskild tilrettelegging.

Målgruppa: Målgruppa for satsinga er PP-tenestene, barnehagane og skolane, eigar-/myndenivåa, men også andre tverrfaglege tenester i kommunen som inngår i laget rundt barnet og eleven. Det er ein føresetnad at PPT deltar i kompetanseløftet. I tillegg er det ønskeleg at tiltaka også omfattar andre tverrfaglege og tverretatlege støtteressursar for å sikre en brei oppfølging av barna.

I ein overgangsperiode på fem år skal kompetansebygging i kommunar og fylkeskommunar skje i takt med dei endringane som er varsla for Statped. I denne perioden skal ein byggje kompetanse lokalt, slik at alle kommunar og fylkeskommunar skal vere i stand til å handtere dei vanlegaste utfordringsområda sjølv.

Ei rekruttering av kommunar eller kommunegrupper skal vere basert på eit behov for å styrke/vidareutvikle spesialpedagogisk kompetanse, samt inkluderande opplæring og ha eit ønske om å gå inn i ein slik utviklingsprosess.

Desse kommunane/fylkeskommunen deltek frå 2021:

  • Vestfold og Telemark fylkeskommune
  • Midt-Telemark kommune og Nome kommune
  • Porsgrunn kommune
  • Kragerø kommune
  • Horten kommune
  • Færder kommune

Dei skal bruke 2021/2022 til å kartlegge sine behov. Ei opptrapping av satsinga vil skje fram mot 2025. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.