Stabil smitte i kommunane i fylket

Med grunnlag i kommunane sine risikovurderingar har Statsforvaltaren gjort ei ny vurdering av risikonivået for Vestfold og Telemark for veke 6.

Publisert 09.02.2021

Det har vore stabile smittetall frå veke 4 til veke 5 i alle kommunane med unntak av Tønsberg kommune, som melder om stigande smitta.

Samla risikonivå i Vestfold og Telemark er søkkande, men blir framleis vurdert å vera nivå 2 (kontroll med klynger)

Risikonivået blir vurdert som stabilt eller søkkande i alle kommunane. Kommunane rapporterer at dei har nok ressursar til å handtera den noverande smittesituasjonen.

Skildring av dei ulike risikonivåa finn du her

Situasjonsrapporten med vurderingar for veke 6 finn du under "Dokument".

Du finn det oppdaterte korona- og vaksinasjonskartet for Vestfold og Telemark ved å klikke på kartet til høgre.