Aukande smittespreiing i fleire kommunar i området vårt

Sidan førre situasjonsrapport for ei veke sidan, har det samla risikonivået i fylket stige frå risikonivå 2 til 3 – aukande spreiing.

Publisert 09.03.2021

Tønsberg, Færder, Holmestrand og Drangedal har mange eller fleire smitta med ukjent smitteveg. Den engelske varianten av viruset utgjer ein stor del av smitten i fylket, spesielt i dei gamle Vestfoldkommunane.

Regjeringa har vedtatt å innføra tiltaksnivå A (særleg høgt tiltaksnivå) i Tønsberg og Færder kommunar og tiltaksnivå B (høgt tiltaksnivå) i Holmestrand, Horten, Larvik og Sandefjord kommunar frå 5. mars til og med 16. mars 2021.

Statsforvaltaren følgjer situasjonen tett og vurderer fortløpande grunnlaget for ytterlegare samordning av tiltak i samråd med kommunane, FHI og Helsedirektoratet.

Skildring av dei ulike risikonivåa finn du her

Heile situasjonsrapporten finn du under «Dokument».

Du finn det oppdaterte korona- og vaksinasjonskartet for Vestfold og Telemark ved å klikke på kartet.