Meirverdien i å vere i eit nettverk – Studietur til «Romsdalsgårdene»

Dato:
9. november 2021 11:00 - 22:00
Stad:
Isfjorden Turisthotell & Motell
Arrangør:
Hoppid og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Lokalmatprodusentar

Studieturen med foredrag og middag blir arrangert tysdag 09.11.21 der vi gjer ein rundtur hos alle «Romsdalsgårdene».

Publisert 19.10.2021

Overnatting blir Isfjorden Turisthotell & Motell, Ørjavegen 36, 6320 Isfjorden. Dette er gangavstand frå Woldstad Gard kor vi skal ha festmiddag om kvelden.

Det blir sett opp buss på sjølve studieturen. Vi tek utgangspunkt i Isfjorden Turisthotell- og Motell går om bord i bussen der kl 11.00 den 09.11. Du må melde frå om du ønskjer overnatting. Denne invitasjonen gjeld frå 09.11. til 10.11. Hotellet kan oppbevare bagasje i tida du er på busstur.

Program:

11.20    https://www.monsasgard.no/                                 avreise 11.50

12.00     http://www.rosvang.no/              - lunsj                   avreise 13.30 –

               Erfaringsdeling frå nettverksbygginga i Romsdalsgårdene

14.00     http://www.devoldgard.no/                                     avreise 14.30

14.45    http://www.lensmansgarden.no/  - kaffi              avreise 16.00

16.15     http://www.tuenvin.no/                                            avreise 17.00

17.20     Vi kjem tilbake til hotellet. Høve for speed-dating for dei som ønskjer dette

19.00     http://www.woldstadgard.no/ Innføring i drifta på garden og middag

Økonomi:

Prosjektet dekkjer busstur og servering 09.11.  Opphaldet på Isfjorden Turisthotell må betalast av den enkelte kr 1250,- for enkelt rom. Kr 1500,- for dobbelt rom. Påmeldinga er bindande og hotell må betalast av den enkelte. Hotellet fakturerer ikkje frammøtte personar.

Det blir eit spanande program på Innovasjonsfestivalen i år og. Mange relevante foredrag for landbruksgründerar. Du kan dra rett frå dette arrangementet til Innovasjonsfestivalen som blir arrangert på Åndalsnes 10. og 11.11.21.  Same prisar for overnatting gjeld under festivalen for dette hotellet. Det er eiga påmelding til festivalen på Innovasjonsfestivalen sine nettside www.innovasjonsfestivalen.no.

Påmelding:  Det er elektronisk bindande påmelding innan 27.10.2021  Påmeldingsskjema vil du fram til då finne lenger ned på denne sida.  Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på epost til sfmrkurs@statsforvalteren.no eller på telefon 71 25 85 05 / 71 25 85 11.

Stadfesting:  Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din epost når påmeldinga er gjort.  Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.  Sjekk om du har fylt ut alle felt.

Dato:
9. november 2021 11:00 - 22:00
Stad:
Isfjorden Turisthotell & Motell
Arrangør:
Hoppid og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Målgruppe:
Lokalmatprodusentar