Bruk av natur- og friluftsområde
Alle kan ferdast i naturen i Noreg. Alle stader skal du vere omsynsfull og unngå å gjere skade på natur, innmark eller eigedom.
Rettar og plikter i naturen
Kystfiske som fritidsaktivitet og barns fiske etter innlandsfisk blir rekna som ein allemannsrett.
Ved utløpet av mange vassdrag med lakse-, sjøaure- og sjørøyebestandar er det oppretta soner med avgrensa rett til å fiske. Dette blir kalla munningsfredningssoner.
Sjå rettleiaren Hvor kan jeg fiske fra Miljødirektoratet (miljodirektoratet.no)
Meir informasjon for deg som er grunneigar eller med i eit fiskelag.
Din region kan ha eigne reglar for fiske, sjå nedst på denne nettsida.
Sjå landbruksdirektoratets rettleiing om jakt og fangst (landbruksdirektoratet.no)
Kontaktinformasjon til regionale rovviltnemdar.
Ta kontakt med oss dersom du vil
- få informasjon om kvar det finst rovvilt og kor mange det er
- få løyve til å skadefelle gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor kvoten frå rovviltnemnda
- søkje om skadefelling av kongeørn
- søkje om båsfangst av jerv og gaupe
- søkje om midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskade
- søkje om erstatning for husdyr som er tekne av freda rovvilt
Sjå også: Vilt og rovvilt
Hovudregelen er at motorferdsel i utmark og i vassdrag er forbode, men det er nokre unntak. Du kan søkje kommunen om dispensasjon frå lova, og kommunen kan gi løyve innanfor rammene av regelverket.
Det er viktig å unngå skade og ulempe for naturmiljø og menneske.
Dersom motorferdsel er forbode i området, må du søkje forvaltningsmyndigheita om dispensasjon frå verneforskrifta. I tillegg må du ha løyve frå kommunen etter motorferdsellova. Vanlegvis søkjer du først til forvaltningsmyndigheita for verneområdet
Sjå rettleiaren frå Miljødirektoratet: Motorferdsel i utmark: Slik er reglene (miljødirektoratet.no)
Statsforvaltaren forvaltar mange verneområde, og har ansvar for både regelverk, dispensasjonar og oppfølging av verneverdiane. Vi har også ei viktig rolle i arbeidet med å opprette nye verneområde.
Reglane for bruk varierer mellom ulike verneområde. Det er derfor viktig å sette seg inn i reglane for det området du skal ferdast i.
Allemannsretten gjeld òg i naturvernområde, men i nokre område finst det eigne reglar for ferdsel og andre aktivitetar.
Nokre stader er det sett opp informasjonsskilt. I mindre naturvernområde må du likevel gå inn på nettstaden til kvart enkelt verneområde for å finne aktuell informasjon.
Her kan du sjekke om det er spesielle reglar i verneområde der du går på tur: Oversikt over Norges verneområde (miljødirektoratet.no)
Om våren og tidleg på sommaren kan det vere forbode å ferdast i heile eller delar av eit verneområde, fordi fuglane hekkar der.
Nokre område er også spesielt viktige for fuglar på trekk om hausten, eller fordi dei overvintrar der. I fjellet kan omsynet til villrein føre til liknande ferdselsforbod.
Her kan du sjå kvar det er ferdselsforbod: Kart over ferdselsforbod (miljødirektoratet.no)
Skal du fly drone i naturen, må du sjekke om området har eigne restriksjonar. Sjølv utan restriksjonar må du unngå å uroe fuglar, dyr og friluftsliv.
I verneområde gjeld eigne reglar, og mange nasjonalparkar og store landskapsvernområde har forbod mot droneflyging. I Miljødirektoratets kart kan du finne ut om eit område er verna og kva reglar som gjeld: Rettleiar: Reglar for å fly droner i naturen (miljodirektoratet.no).
Hvis droneflyging er forbode i eit verneområde, kan du eventuelt søkje om løyve hos den instansen som forvaltar området.
Mange importerte hageplantar kan utkonkurrere andre plantar. Dei er hardføre og formeirer seg raskt. I naturen drep dei mangfaldet av artar som lever der og kan ta over store område.
Du kan vere med på å førebyggje at dette skjer. Sjå rettleiaren til Miljødirektoratet: Unngå spreiing av framande artar frå hagen (miljødirektoratet.no)
Friluftslova regulerer kva rettar og plikter du har når du ferdast i og bruker naturen i Noreg. Lova sikrar retten til opphald og ferdsel i naturen uavhengig av kven som eig arealet.
Frivillig vern av skog
Om du eig skog, kan du sjølv ta initiativ til å verne skogen din. Norskog, Norsk skogeigarrforbund og Miljødirektoratet har ein eigen nettstad for deg som ønskjer å verne delar av skogen din. Her finn du informasjon om korleis du går fram.