Ledige stillingar
Statsforvaltaren i Rogaland er jamleg på jakt etter dyktige medarbeidarar.
Kven er me?
Statsforvaltaren i Rogaland er ein spennande arbeidsplass med mange jobbmoglegheiter. Oppgåva vår er å sørgje for at retningslinjer frå regjeringa og Stortinget blir følgde opp regionalt og lokalt. I tillegg til å føre tilsyn gir vi kommunane rettleiing og hjelp til å tolke lover og forskrifter.
Vi er også eit viktig bindeledd mellom kommunale og sentrale styresmakter, og kan spele inn viktige saker frå kommunesektoren til sentrale styresmakter.
Hos oss får du faglege utfordringar og høve til fagleg utvikling i lag med trivelege kollegaer.
Kven jobbar hos oss?
Hos Statsforvaltaren har vi mange spennande jobbar innanfor ulike fagområde. Her jobbar du med saker som har stor betydning både for samfunnet og for den enkelte innbyggjaren.
Hos oss jobbar menneske med ulik utdanning og fagleg bakgrunn. Det gir gode moglegheiter for å lære av kvarandre og samarbeide på tvers av fagområde. Samarbeid og god samfunnsforståing er viktig i arbeidet vårt.
Vi ønskjer oss derfor medarbeidarar med ulik kompetanse og utdanning, som er opptekne av fagleg utvikling.
Vi tilset mellom anna juristar, økonomar, ingeniørar, legar, samfunnsvitarar, pedagogar, sjukepleiarar og naturvitarar.