Gjeld norsk og engelsk frå 2027
Statsforvaltaren gjer merksam på at elevar og deltakarar skal gjennomføre sentralt gitt eksamen i sikker nettlesar, i faga norsk og engelsk, frå og med våren 2027. Bakgrunnen er utvikling av kunstig intelligens og stadig meir avanserte hjelpemidlar.
Kva betyr sikker nettlesar?
Sikker nettlesar stengjer tilgangen til alle ressursar på maskina. Elevane vil berre ha tilgang til stavekontroll. Dei får ikkje tilgang til andre digitale hjelpemiddel som dei er vane med å bruke. Sikker nettlesar er alt teken i bruk i fleire fag på vidaregåande.
Kommunar og skular må førebu seg
Vi ber kommunar og skular gjere seg kjende med kva det betyr å gjennomføre eksamen i sikker nettlesar. Du kan lese meir om dette på nettstaden til Utdanningsdirektoratet: Eksamen i sikker nettleser (Udir).
Det vil komme meir informasjon utover hausten og vinteren.