Søndagsope ved spesielle høve
Butikken eller utsalsstaden bør sende søknaden tre månader før den aktuelle søndagen eller heilagdagen du vil halde ope.
Du kan søke om søndagsope ved høve som
- større idrettsarrangement
- jubileum
- stemner
- marknader
Terskelen er høg for å gi søndagsope. Omsynet til arbeidstakarane er viktig når vi avgjer ein søknad.
Slik går du fram
Send oss din søknad her
I søknaden må du informere oss om
- når det er ønskeleg å halde ope, og i kva tidsrom
(normalt er det ikkje høve til å opne før etter klokka 13.00 på søndagar) - kva arrangement det er i tilknyting til
- kven og kor mange som skal jobbe på denne søndagen
- det er gitt tidlegare dispensasjon for same arrangement
Bruk dette skjemaet for å sende oss søknaden din.