Tryggleiksklarering i kommunen

Oppdatert 4. juli kl. 07:31

Kommunen må vurdere kven som treng tilgang til gradert informasjon. Her finn du informasjon om korleis kommunedirektøren og andre personar i kommunen kan tryggleiksklarerast og autoriserast.

Kva er tryggleiksklarering og autorisasjon?

  • Tryggleiksklarering er ei vurdering av om ein person kan få tilgang til gradert informasjon.
  • Autorisasjon er avgjerda om at personen faktisk får slik tilgang. Du skal berre tryggleiksklarerast dersom du treng tilgang til gradert informasjon for å utføre arbeidsoppgåvene dine.

Kven skal tryggleiksklarerast?

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) tilrår at kommunedirektør, ordførar og beredskapskoordinator blir tryggleiksklarerte for nivået HEMMELEG.

Kommunen må sjølv vurdere om det er behov for å tryggleiksklarere andre personar i kommunen.

Tryggleiksklarering av kommunedirektør og andre i kommunen

  1. Kommunedirektøren fyller ut personopplysningsblanketten og signerer teieplikterklæringa. Skjemaa og rettleiaren for utfylling av personopplysningsblanketten kan lastast ned frå nettsidene til Nasjonal sikkerheitsmyndigheit: Skjemaer (nsm.no).
  2. Dokumenta blir sende til Statsforvaltaren i dobbel konvolutt. Den inste konvolutten skal merkast med «personkontroll».
  3. Statsforvaltaren kontrollerer at alt er korrekt utfylt og sender søknaden vidare til Sivil klareringsmyndigheit.
  4. Når kommunedirektøren er klarert, gjennomfører Statsforvaltaren ein autorisasjonssamtale.
  5. Etter dette kan kommunen sjølv søke om klarering for ordføraren, beredskapskoordinatoren og andre tilsette.
  1. Den tilsette fyller ut personopplysningsblanketten og signerer teieplikterklæringa. Den tilsette sender dette til kommunedirektøren.
  2. Kommunedirektøren kontrollerer at alt er korrekt utfylt.
  3. Kommunedirektøren fyller ut førespurnad om tryggingsklarering og gjer greie for kvifor klarering er nødvendig. Dette er nærare omtalt i Rettleiar om tryggingsklarering av personell på regionalt og lokalt nivå (regjeringen.no).
  4. Når personopplysningsblanketten og førespurnaden om tryggingsklarering er fylte ut, er dei graderte som BEGRENSET.
  5. Dokumenta blir lagde i dobbel konvolutt, og den inste konvolutten blir merkt med «personkontroll». Dette blir sendt til Sivil klareringsmyndigheit, Postboks 100, 1501 Moss.
  6. Når den tilsette er klarert, gjennomfører kommunedirektøren ein autorisasjonssamtale.
  • Personopplysningsblanketten skal fyllast ut for hand.
  • Hugs å gjere nærare greie for forhold der det er kryssa av for «ja».
  • Kontroller at skjemaa er korrekt utfylte.
  • Kommunen tek vare på original førespurnad og original blankett, og sender kopi til Sivil klareringsmyndigheit (SKM).

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Randi Thomassen
seniorrådgivar, Statsforvaltaren i Rogaland
Gi oss ei tilbakemelding
Fann du det du leitte etter?

Du har 400 teikn igjen.
Her svarer me ikkje, men treng du hjelp kan du bruka skjemaet sikker melding.
Me bruker svaret ditt til å gjera nettsida betre.