Kvifor eit totalberedskapskurs?
Den tryggingspolitiske situasjonen og eit meir samansett trusselbilete stiller nye krav til både offentlege og private aktørar. Samfunnet må vere førebudd på alt frå naturhendingar og cyberangrep til forsyningssvikt og andre alvorlege kriser.
Kurset gir deltakarane innsikt i desse utfordringane og ei betre forståing av korleis totalforsvaret fungerer i praksis.
Kunnskap og forståing
Gjennom foredrag, diskusjonar og erfaringsutveksling får deltakarane auka kunnskap om aktuelle beredskapsutfordringar, risikoar og sårbarheiter. Målet er å styrkje kriseforståinga og gi leiarar betre føresetnader for å bidra til eit meir motstandsdyktig samfunn.
Samarbeid er ein del av beredskapen
Totalforsvaret byggjer på samarbeid mellom offentlege styresmakter, kommunar, næringslivet, frivillige organisasjonar og Forsvaret. Mange verksemder leverer varer og tenester som er avgjerande for at samfunnet skal fungere også i ei krise.
Kurset legg derfor stor vekt på samhandling, relasjonsbygging og forståing av roller og ansvar på tvers av sektorar.
Ei veke i Vatneleiren
Kurset blir normalt gjennomført som eit samanhengande opphald i Vatneleiren. Deltakarane bur saman i kaserne gjennom kursperioden, noko som gir gode rammer for både fagleg læring, erfaringsdeling og nettverksbygging.
Erfaring viser at sterke relasjonar og god kjennskap til andre aktørar er ein viktig del av beredskapen når alvorlege hendingar oppstår.
Kven kan delta?
Kurset er retta mot toppleiarar og sentrale leiarar frå offentleg sektor, næringslivet, eigarar av kritisk infrastruktur, frivillige organisasjonar og andre verksemder med viktige samfunnsfunksjonar.
Interessert i å delta?
Totalberedskapskurset blir arrangert årleg. Kurset hausten 2026 er fullteikna.
Informasjon om komande kurs, søknadsfristar og påmelding blir publisert her.