Eig kommunen våtmark som bør bli restaurert?
Ta kontakt med Statsforvaltaren, som vil undersøke om området er aktuelt for restaurering. Vi kan søke om midlar som dekker restaureringa, slik at det ikkje kostar noko for kommunen. Vi vil stille vilkår som sikrar at området ikkje blir gravd opp eller endra etter restaureringa.
Kvifor restaurere våtmark?
Våtmarkene er viktige både for biologisk mangfald, karbonlagring og klimatilpassing. Likevel er våtmarkene blant dei mest trua naturtypane våre.
Når vi gjer inngrep i natur, til dømes ved å drenere våtmark, øydelegg vi økosystem. Plantar og dyr blir borte. Dette er ein av dei største truslane mot naturmangfaldet på jorda. Det er ikkje lenger nok å beskytte naturen, vi må også restaurere mykje av det vi har øydelagt.
/// legg inn lokal kontaktinformasjon