Kurs og konferanse
Landbruk for kommunen
Landbruksføretak

Invitasjon til ope årsmøte og seminar, Rogaland Skognæringsforum

Publisert i går kl. 09:45

Korleis sikrar vi framtidsskogen i Rogaland? Rekruttering og kompetanse er avgjerande for å utvikle og styrkje dei grøne verdikjedene. Både medlemmer og andre interesserte er velkomne.

Osp.
Osp. Foto: Birgit S. Hagalid.

Dato
17. september kl. 12:00–15:30
Stad
Øksnevad vgs, Jærvegen 990, 4351 Kleppe
Arrangør
Rogaland skognæringsforum

Årsmøtet begynner kl. 12.00, og kl. 13.00 starter seminaret.

Det kjem sentrale fylkespolitikarar, næringsaktørar og sentrale i forvaltninga til seminaret. Ramma for seminaret vil vere med utgangspunkt i visjonen til Øksnevad vgs, med målsetting om å bli ein sentral kompetanseaktør i tråd med næringa sine behov. Fokus vil vere rekruttering og kompetanse opp mot utfordringane rogalandsskogbruket står i – og vidareutvikling av skogressursen og trebaserte næringskjeder.

Både vidaregåande skule og fylkespolitikarar vil utfordrast til å komme med løysingar for å understøtte eit vitalt skogbruk og ekspansive næringskjeder basert på tre.

Påmelding

Årsmøtet og seminaret er gratis, men av omsyn til servering er det påmelding. Frist for påmelding er fredag 11. september 2026.

Du melder deg på med e-post til:

skognaringsforum.rogaland@kystskogbruket.no eller mobil 998 61 056.

Program

12.00   Velkommen v/Arne Bergsvåg, styreleiar Rogaland Skognæringsforum

12.05   Ope årsmøte i Rogaland Skognæringsforum

12.30   Lunsj

13.00   Seminar

15.30   Slutt

 

Seminar: Framtidsskogen i Rogaland

- Rekruttering og kompetanse  - nøkkel for grøne verdikjeder

13.00  Moglegheiter og utfordringar for skogbruket i Rogaland ved Arne Bergsvåg, styreleiar RSNF

13.10   Øksnevadvisjonen og grøne utdanningsval for framtida ved Anne Kristin Bruns, leiar Opplæringsutvalet, Rogaland fylkeskommune 

13.20  Nasjonale føringar og kompetanse som grunnlag for suksess framover ved Monica Dahlmo, landbruksdirektør, Statsforvaltaren i Rogaland 

13.40  Fylkespolitiske føringar og tiltak for skogbruket ved Unni Fuglestad, leiar Kultur- og næringsutvalet, Rogaland fylkeskommune

13.55  Eksempel på grøne satsingar og lokale verksemder i Rogaland

  • Bioenergisatsinga ved Morten Svanes, seniorrådgjevar Statsforvaltaren
  • Betula Technology Group AS ved arbeidande styremedlem Henning Stokke 
  • Trefadder AS ved produksjonsleiar Sander H. Alfredsen
  • Riska Sagbruk AS ved dagleg leiar Rune Skjørestad 
  • Norsk Juletre Service AS ved dagleg leiar Lena Nergård

14.45 Dialog: Kva kan gjerast for å styrke skog-og trenæringa i Rogaland?

  • Unni Fuglestad, leiar Kultur- og næringsutvalet, Rogaland fylkeskommune
  • Anne Kristin Bruns, leiar Opplæringsutvalet, Rogaland fylkeskommune
  • Erlend Jordal, Fylkestinget for partiet Høyre
  • Harald Løland, Fylkespolitiker, gruppeleder for Senterpartiet 
  • Monica Dahlmo, landbruksdirektør, Statsforvaltaren i Rogaland

Ordstyrar: Arne Bergsvåg

 

Vel møtt!

 

Kontakt oss

Kontakt oss gjerne for meir informasjon.
Jostein Beseth Nordeide
rådgiver, Statsforvaltaren i Rogaland