Vi får også høyre om tilboda som finst for deg som treng fagleg støtte eller nettverk innan lokalmat og Innovasjon Norge kjem med tips om innhald i gode prosjekt for å skape verdiar på mindre bruk.
Gratis deltaking! Påmelding innan 15.september grunna lunsjservering til
annabell.pfluger@rogfk.no eller tlf 97613807.
Program
09.30 Kaffi og drøs
10.00 Velkomen
ved Annabell Pfluger, Rogaland fylkeskommune og Kjell Øystein
Håkonsen, Øksnevad vgs, avdelingsleiar naturbruk.
Går det an å leve av ammeku? Ved Ingve Berntsen, Fjordfegarden
Kjøt frå Fjordfegarden er etterspurt og selt lenge før dyra går til slakt. Utanom Vestlandsk fjordfe finns det utegris, nokre høns og bier på garden. Ingve er spesielt oppteken av beiting, jordhelse og dyrevelferd, og han fortel om korleis han har heldt byggjekostnadane låge.
Gladmat – meir enn ein festival
Mange knytt «Gladmat» opp til Gladmatfestivalen. Gladmat har blitt mykje meir enn det. Korleis kan du nytta Gladmat sine tenester?
Kompetansenettverk lokalmat
Kompetansenettverk kan hjelpe enten du er i oppstartfasen eller etablert og treng hjelp til vidareutvikling av produkt, med marknadsføring eller anna utfordringa. Du kan gå på kurs eller delta i besøksordning.
11.20 – 12.00 Lunsj
Grendamyrå – om å starte frå scratch til drift med mjølkekyr, utegris,foredling og gardsbutikk ved Annelin Ersland Rygg
Grendamyrå er eit lite gardsbruk på Randaberg med jerseykyr, eige ysteri,utegris og gardsbutikk. Den nedfalne garden blei bygd opp att frå botnen. Driftsbygningen stod ferdig i 2025, og Annelin opplever stor etterspurnad etter produkta frå garden.
Me fyller opp kaffikoppane
Innovasjon Norge ved Aart van Zanten
Meir informasjon kjem.
Tre bein å stå på ved Torvald Hadland
Hadland økologiske gard er ein kulturhistorisk gard med sauedrift, Inn på tunet og «Steinjillt» i Time kommune. Hans fjerde bein blir kanskje den nyutgitte bonderomanen Forvaltaren. Torvald gjev nyttige tips om korleis han har utnytta naturgitte og menneskegitte ressursar dei snart tjue år han har vore bonde på Hadland.
Sofaprat med Ingve, Annelin og Torvald. Kolbjørn Anda leiar samtalen.
14.20 Vel heim