Den største militærøvinga i Noreg sidan 1980-talet

Heile 40 000 soldatar er med når Nato og Forsvaret skal øve saman i tida 25. oktober til 7. november. Trident Juncture 2018 er så stor at også vanlege folk vil merke øvinga. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.06.2018

Trident Juncture 2018 skal øve Natos utrykkingsstyrke og evna til å komme ein Nato-nasjon til unnsetning. For Noreg er øvinga eit høve til å trene på å ta i mot store forsterkningar med reelle styrkar. Øvinga har vore planlagt i fleire år, og det kjem mannskapar frå land som aldri har øvd i Noreg før. Nato har avgjort kva land som får delta.

Det er fylka Trøndelag, Møre og Romsdal, Oppland og Hedmark som i størst grad vil merke øvinga. I nokre kommunar blir det jamvel halde folkemøte for innbyggjarane. I desse områda vil folk kunne merke øvinga i form av støy, eller som køar på vegane ettersom 40 000 soldatar, om lag 130 fly og kring 60 fartøy kjem til Noreg i samband med øvinga. Den militære aktiviteten vert synleg frå midten av august til midten av desember. Sjølve øvinga skjer i perioden 25. oktober til 7. november.

Fylkesmannen og Trident Juncture 2018

Trident Juncture skal øve relevante delar av det norske totalforsvaret. Øvinga er todelt, med ei feltøving og ei skrivebordsøving. Sidan fylkesmannen har ei samordningsrolle, er også vi involvert i øvinga. Fylkesmennene bidreg med tilrettelegging og vertslandstøtte, og fylkesberedskapsråd over heile landet skal vere med i skrivebordsdelen av øvinga. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.