49 skogområde verna

Regjeringa satsar på auka skogvern, og 49 nye skogområde vart verna 15. desember. Aldri før har det vorte verna meir skog enn i 2017.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 18.12.2017

Dei 49 skogområda som vart verna no, ligg i ti fylke. 

Skogvernet bidreg til å ta vare på mange truga artar og naturtypar. Målet er at: 

  • Eit representativt utval av norsk natur skal bli verna for kommande generasjonar. 
  • Ingen artar og naturtypar skal bli utrydda, og utviklinga til truga og nær truga artar og naturtypar skal bli betre. 

Dei 49 områda inngår i arbeidet med frivillig vern av privateigd skog, unntatt tre område som er eigde av Statsskog og Miljødirektoratet. 

Oppgåvene til Fylkesmannen

Når eit nytt verneområde skal opprettast, får Fylkesmannen i oppdrag frå Klima- og miljødepartementet å arbeide fram eit verneframlegg for området. Kommune, grunneigar og elles andre interessentar får melding om at verneplanarbeidet er sett i gang. Prosessen blir lagt opp slik at alle partar skal høyrast. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.