Kommunar kan søkje støtte til miljøtiltak

Kommunar og fylkeskommunar over heile landet kan søke om Klimasats-støtte. Midlane skal gå til tiltak som reduserer utslepp av klimagassar eller bidreg til overgangen til lågutsleppssamfunnet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.11.2017

Klimasatsmidla skal gå til tiltak som reduserer utslepp av klimagassar eller bidreg til overgangen til lågutsleppssamfunnet.

Pengane vil gå til tiltak som reduserer klimagassutslipp på kort eller lang sikt. Det vert også gitt tilskott til planlegging og utgreiing av klimatiltak og til kompetanseheving i nettverk. Søknaden må vere politisk forankra i kommunen.

Opptil 100 millioner kroner skal delast ut i 2018 og frist for å søkje er 15. februar. Miljødirektoratet forvaltar ordninga.

Sidan 2016 har rundt 300 prosjekt over heile landet fått støtte. Klimasats omfattar ikkje klimatilpassing – det finst det ei eiga støtteordning for. Kommunar og fylkeskommunar kan søkje, anten saman eller kvar for seg. Tilskottet skal vere eit bidrag og kommunene sjølve må bidra med eigeninnsats.

Tilskottsordninga gjeld fem ulike område:

  1. Klimavennleg areal- og transportplanlegging
  2. Investering i klimavennlege transporttiltak
  3. Klimagassreduserande tiltak i andre sektorar
  4. Forprosjektering av tiltak som reduserer klimagassutslipp – hjelp til å komme frå ord til handling
  5. Nettverk for kompetanseheving og erfaringsdeling

Energieffektivisering, karbonfangst, klimatilpassing, forskningsprosjekt og teknologiutvikling er ikkje mål for denne tilskottsordninga. Det vert ikkje gjeve tilskott til støtteordningar i regi av kommune eller fylkeskommune.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.