Kva for tilsynsansvar har kommunen ved busetting av einslege mindreårige?

Kommunar som buset einslege mindreårige flyktningar skal vurdere behova til kvar enkelt og tilby eigna butiltak ut frå dette. Kommunen skal etablere ordningar for tilsyn og internkontroll.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.05.2017

Det er opp til kvar kommune å vurdere korleis ein vil forankre og organisere bu- og omsorgsansvaret for einslege mindreårige. Fylkesmannen skal etter barnevernlova føre tilsyn med nokre barnevernsinstitusjonar. Dersom eit butiltak ikkje er godkjent som barnevernsinstitusjon av Bufetat, skal ikkje Fylkesmannen føre tilsyn og rettigheitsforskrifta gjeld ikkje. Det tyder at butiltaket ikkje kan bruke tvang overfor bebuarane etter rettigheitsforskrifta.

Det er opp til kommunen å etablere fagleg forsvarlege ordningar for tilsyn.

For meir informasjon, klikk på lenka: Arbeid med enslige mindreårige asylsøkere og flyktninger – En håndbok for kommunene.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.