Nytt rundskriv om fri rettshjelp

Statens sivilrettsforvaltning har utarbeidd eit nytt rundskriv om fri rettshjelp som gjeld frå 1. januar 2017.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 02.01.2017

Rundskrivet erstattar Justisdepartementet sitt rundskriv G-12/05. Strukturen er i hovudsak som tidlegare. Den største endringa er at retningsliner og praksis er oppdatert. Rundskrivet omtalar også lovendringane på rettshjelpsområdet, som får verknad frå 1. januar 2017.

Dette er nokre av dei viktigaste endringane som gjeld frå 01.01.2017:

  • saker om felleseigeskifte etter ekteskapslova del II fell ikkje lenger inn under reglane om fri sakførsel etter rettshjelpslova § 16 andre ledd. Tilsvarande gjeld saker om økonomisk oppgjer mellom sambuarar. Desse sakstypane vil bli rekna som uprioriterte fri sakførselssaker. Sjå meir om dette under pkt. 7.4.2 i rundskrivet.
  • maks eigenandel i fri sakførselssaker vert endra frå 5 til 8 gongar den offentlege salærsatsen, jf. rettshjelpslova § 9 tredje ledd.
  • det er gitt nye retningsliner for økonomisk dispensasjon i fritt rettsrådssaker. I praksis går endringa ut på at det kan gis dispensasjon frå dei økonomiske vilkåra ved ei inntektsoverskriding på inntil kr. 20.000, dersom søkjaren heilt eller delvis har forsørgjaransvar for barn. Du kan lese meir om dette under punkt 4.4.2 i rundskrivet.

Det kan òg nemnast at ny salærsats i rettshjelpssakene blir på kr 1 020,- frå og med 01.01.2017. Ny tolkesats for 2017 vert då kr 816,-.

Lenkje til nytt lovverk og den nye rundskrivet finn du i menyen til høgre.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.