Tilskot til utviklingsprosjekt i barneverntenesta

Søknadsfrist:
1. juni 2022 23:59
Målgruppe:
Kommunale barneverntenester
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Vestland
Kven kan søke:
Kommunar i Vestland

Kommunane kan søke om stimuleringsmidlar til utviklingsprosjekt på barnevernområdet. Neste tilskot blir lyst ut våren 2022, med søknadsfrist 1. juni 2022. 

Publisert 24.02.2021, Oppdatert 25.02.2021

Kvart år kan kommunane i læringsnettverket i Vestland gå saman om å søke stimuleringsmidlar til å iverksette utviklingsprosjekt med mål om teneste- og tiltaksutvikling for å gi enda betre barneverntenester til dei barna og familiane som treng det. Statsforvaltar behandlar søknadane. 

I år har kommunane i Vestland søkt om midlar til åtte ulike utviklingsprosjekt og ein pott på               4 250 000 kroner er fordelt på desse. 

Det er tre viktige krav for å søke om stimuleringsmidlar i regi av læringsnettverket:

  • utviklingsprosjektet må ha mål om å styrke tenestene til utsette barn og unge i kommunane
  • utviklingsprosjektet må vere eit samarbeid mellom fleire kommunar
  • utviklingsprosjektet må ha etablert eit samarbeid med minst eit kompetansemiljø

Her kan du lese meir om retningslinjene for stimuleringsmildar til kommunale læringsnettverk.

Her finn de mal for prosjektplan og elektronisk søknadsskjema.

Søknadsfrist:
1. juni 2022 23:59
Målgruppe:
Kommunale barneverntenester
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Vestland
Kven kan søke:
Kommunar i Vestland