Midlar til symjeopplæring i barnehage 2021

Søknadsfrist:
1. oktober 2021
Målgruppe:
Barn i barnehagar i alderen 4-6 år i Vestland fylke.
Ansvarleg:
Statsforvaltaren v/Jannicke Haaland Haarr
Kven kan søke:
Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar.
Rapporteringsfrist:
1. desember 2021 15:45
Illustrasjonsfoto (Pixabay).
Illustrasjonsfoto (Pixabay).

Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive symjeopplæring i barnehagen, kan no søkje om tilskot for 2021. Kommunen som barnehagemyndigheit sendar søknadar frå barnehagar samla til Statsforvaltaren.

Publisert 18.01.2021

Tilskot

Statsforvaltaren i Vestland lyser med dette ut tilskotsmidlar for symjeopplæring til barn i barnehagar. Fylkesmannen har fått tildelt kr. 8 445 000 som skal nyttast til formålet. Det kan søkast om inntil kr. 1 950,- pr. barn. Ein kan søkje om tilskot for eitt kalenderår om gongen.

Mål for opplæringa

Tilskotet skal bidra til at kommunar og frivillige organisasjonar kan gjennomføre tiltak for å gi barn i barnehage tilstrekkeleg symjeopplæring slik at barna blir trygge i vatn.

Målgruppe

Barn i barnehagar i alderen 4-6 år i Vestland fylke.

Vilkår for tilskot

Opplæringa skal skje i barnehagen si opningstid, og skal i hovudsak skje i basseng. Midlane kan også brukast til å dekke transportutgifter til og frå symjehall.

Organisering

Tilskotsmottakarane vel korleis opplæringa skal organiserast og gjennomførast. Kommunar og frivillige organisasjonar må sjølve dekkje kostnader ut over tilskotet.

Søknad om tilskot

Kommunen tek i mot søknadar frå barnehagane, og sendar desse samla til Statsforvaltaren. Organisasjonar søkjer direkte til Statsforvaltaren. Søknadane blir behandla fortløpande. Søknadsfrist er 21. august 2021. Dei som fekk midlar i 2020, må ha levert rapport før nye midlar kan bli utbetalt.

Du finn søknadsskjema i høgremenyen.

Rapportering

Tilskotsmottakarane skal innan 1. desember 2021 rapportere til Statsforvaltaren om bruk av midlane.

Du finn rapporteringsskjema i høgremenyen.

Søknadsfrist:
1. oktober 2021
Målgruppe:
Barn i barnehagar i alderen 4-6 år i Vestland fylke.
Ansvarleg:
Statsforvaltaren v/Jannicke Haaland Haarr
Kven kan søke:
Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar.
Rapporteringsfrist:
1. desember 2021 15:45