Hornelen

Hornelen går for å vere den høgaste sjøklippa i Nord-Europa, og er eit markant landemerke i Bremanger og omlandet rundt. Her er Hornelen sett frå Frøysjøen.
Hornelen går for å vere den høgaste sjøklippa i Nord-Europa, og er eit markant landemerke i Bremanger og omlandet rundt. Her er Hornelen sett frå Frøysjøen. Foto: Tore Larsen.

Statsforvaltaren har fått i oppdrag å førebu prosessar for mogleg oppretting av tre nye nasjonalparkar i Vestland fylke, blant desse Hornelen nasjonalpark. 

Oppdraget vi har fått omfattar ikkje å starte formelle verneprosessar, men å førebu eit eventuelt vernearbeid seinare dersom oppdraget får nødvendig lokal tilslutting. Fordi vi er heilt i startfasen av oppdraget, er det enno lite konkret informasjon å dele. Vi prioriterer i første omgang å ha direkte dialog med politisk og administrativ leiing i kommunen og med grunneigarorganisasjonar, for så å gå breiare ut til næringsliv og interesseorganisasjonar seinare. 

Informasjon

Til no har vi hatt eit møte med leiinga i Bremanger kommune 31. mars 2022, og 16. juni same år blei saka presentert for kommunestyret. Etter det låg prosjektet på vent mens vi såg an korleis den allereie vedtatte via ferrataen på Hornelen ville bli utforma. Da det var nokolunde avklart, blei eit informasjonsmøte om ein eventuell verneprosess for Hornelen halde for grunneigarar og andre brukarar 13. april 2023. Det har vore nyttig for oss å få innspel og synspunkt på oppdraget i ein tidleg fase av arbeidet.

Lokal aksept avgjer

Dersom det er lokal aksept frå kommunen for vidare utgreiing av vern, er det aktuelt å melde oppstart av ein formell verneprosess. Vi vil da hente inn informasjon om brukarinteresser og moglege konsekvensar av vern. Naturverdiane i området vil også bli nærare kartlagde. Arbeidet vil vere ope og tilgjengeleg for alle, og informasjonen som kjem fram vil utgjere grunnlaget for ei høyring av verneframlegget, med høve til å uttale seg for alle som ønskjer det.

Bakgrunnen for oppdraget

Statsforvaltaren fekk i 2019 i oppdrag frå Miljødirektoratet å identifisere område som kan bidra til å nå Stortinget sitt mål om eit meir representativt vern av norsk natur, fordi mange naturtypar og regionar er dårleg representerte i eksisterande verneområde. Det var som svar på dette oppdraget at Statsforvaltaren føreslo Hornelen som ein mogleg kandidat til å få status som ny nasjonalpark eller landskapsområde. Etter vurdering i Miljødirektoratet og i Klima- og Miljødepartementet, fekk så Statsforvaltaren i oppgåve å greie ut om det er grunnlag for å gå vidare med eit framlegg om Hornelen som nasjonalpark.

Kartet viser ei mogleg avgrensing av ein nasjonalpark ved Hornelen, men å avgjere akkurat kvar grensene skal gå blir del av ein eventuell verneprosess.
Kartet viser ei mogleg avgrensing av ein nasjonalpark ved Hornelen, men å avgjere akkurat kvar grensene skal gå blir del av ein eventuell verneprosess.

Naturkvalitetar 

Kystnatur er sterkt underrepresentert i dei store verneområda, særleg i Sør-Noreg. Den vestlegaste nasjonalparken er i dag Folgefonna, og nord for Jæren er det heller ingen store landskapsvernområde lenger vest enn ved Ålfotbreen.

Ved Hornelen finn vi ein stor høgdegradient (0-889 m) i eit relativt urøyrt kystområde med særprega fjellformasjonar og stor landskapsverdi. Bremangerlandet er del av den uvanlege naturforma platåkyst («næringskyst») som i Noreg finst på nordvestlandet og i Finnmark. Hornelen har stor naturvariasjon frå havnivå med varmekrevande artar i sørvendte berg, til alpin flora på toppen. Det er spor etter tidlegare slått og beiting i nedre delar mot sjøen, både i form av naturtypar og artar som kjenneteikner slik aktivitet. Stadvis finst både varmekrevande og alpine artar saman. Det er funne nokre raudlista artar, men artsmangfaldet er lite undersøkt. Også geologisk er Hornelen interessant, med sandstein frå devontida og konglomeraten som er typisk for det geologane kallar "Hornelen devonfelt", som strekk seg frå Solund og nord- og austover inn i Ålfotbreområdet.

Ein nasjonalpark på Hornelen vil bli både Noregs vestlegaste, minste (og brattaste?) nasjonalpark.

Blir Hornelen Noregs vestlegaste, minste og brattaste nasjonalpark? No blir det samla inn kunnskap for å greie ut eit eventuelt vern av denne markante klippen og fjellområdet rundt.
Blir Hornelen Noregs vestlegaste, minste og brattaste nasjonalpark? No blir det samla inn kunnskap for å greie ut eit eventuelt vern av denne markante klippen og fjellområdet rundt. Foto: Tore Larsen.

Erstatning og bruk

Når det gjeld erstatning ved eit eventuelt vern, er grunnregelen at dersom sannsynleg og aktuell bruk (eit døme kan vere skogbruk) vert forbode eller vanskeleggjort som følgje av eit vernevedtak, skal dei tapte rettane erstattast. Ved vern av eit område som nasjonalpark eller landskapsvernområde, vil ein i hovudsak kunne bruke det som før til beiting, jakt, friluftsliv og vedlikehald av eventuelle eksisterande bygningar og anlegg.

Fordelar og ulemper

Det vil alltid vere argument for og mot vern. Eit vanleg motargument er at eit vern er for alltid, og at ein såleis kan gå glipp av moglegheiter i framtida som ein ikkje kjenner til i dag. På den andre sida fungerer «nasjonalpark» som eit klart kvalitetsstempel, som tvert om kan gje nye moglegheiter.

Lokal forvalting

Ved vern vil det dessutan opne seg fleire høve for finansiering av ulike tiltak, alt frå betre og meir styrt tilrettelegging av turstiar til skilting, parkering og skjøtsel av naturtypar for å nemne noko. Store verneområde som nasjonalparkar og landskapsvernområde vil og kunne bli forvalta lokalt i eit verneområdestyre med representantar frå kommunane og fylkeskommunen.

Vidare arbeid

Vi er no inne i fase to av totalt ni fasar i ein verneprosess (sjå illustrasjonen ovanfor). Dette er ein informasjonsfase i dialog med kommunen, grunneigarar, næringsinteresser og interesseorganisasjonar. Statsforvaltaren avventar førebels melding frå kommunestyremøta om det er lokal aksept til å sende ut oppstartsmelding. Etter det kan ein såleis starte utgreiing av naturkvalitetane og moglege konsekvensar for vernet, som grunnlag for verneforslag og offisiell høyring.

Statsforvaltaren anbefaler at kommunane avventar å gje endeleg klarsignal om «lokal aksept» for vern eller ikkje, til eit verneforslag er utgreidd og konsekvensar av eit eventuelt vern er vurdert.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.