Stad kandidatområde for marint vern

Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Stad er ein av dei mest vêrhårde stadane i landet vårt, og på slike ekstreme stadar dannar det seg heilt spesielle naturmiljø. No pågår det ein verneprosess for å ta vare på det verdifulle naturmangfaldet under overflata i havgapet ytst i Nordfjord.

Kva naturverdier finn vi i havet kring Stad?

Kandidatområdet kring Stad omfattar areal i Stad og Kinn kommunar, og området er ein god representant for dei ekstremt eksponerte delane av kysten. Planområdet er 165 km2 stort. Farvatnet er relativt grunt med særeigne bølgjetilhøve på noko av den mest av den mest vêrharde kysten i Noreg. Det er nokre (undervass-) skjer i området, elles er farvatnet reint med ein sjøbotn som skrånar langsamt utover frå land.

Kandidatområdet utgjer den inste delen av kontinentalsokkelen kring Stad, og dei mest landnære areala har ei djupne < 50 meter, og ytst mot storhavet er djupna kring 200 meter. Sør for Stadlandet inkluderer området ei aust-vestleg djupvassrenne frå Djupeskallen og inn på nordsida av Sildegapet. Dei sentrale delane av renna er ned mot 300 meter djup. Langs nordsida av renna er det ei bratt skråning og på sørsida av renna er det mange små rygger og åsar.

Området kring Stad inneheld også førekomstar av sokne torvmyrar. Dette er eit element som er spesielt og sjeldsynt i Noreg, sidan dette er eit av dei få kystavsnitta der havet har trengt inn over land etter den siste istida.

Stortareskogen rundt Stad blir vurdert som svært viktig (A-verdi). Studiar har vist at det kan leve over 100 000 organismar på ein enkelt tarestilk, og tareskogen er oppvekst- og leveområde til eit stort tal marine artar. Biletet er ikkje frå Stad.
Stortareskogen rundt Stad blir vurdert som svært viktig (A-verdi). Studiar har vist at det kan leve over 100 000 organismar på ein enkelt tarestilk, og tareskogen er oppvekst- og leveområde til eit stort tal marine artar. Biletet er ikkje frå Stad. Foto: Espen Rekdal.

Den livgjevande tareskogen

Tareskogen er å finne i store sammenhengjande delar av kandidatområdet, basert på resultat frå kartlegginga utført av NGU. Stortare trivst i grunne område frå 20-25 meter, heilt ned til 32 meters djupne. Forutan grunne og kjende blautbotnsområde og sandbankar ved til dømes Ervika, Hoddevika, Honningsvågen og Tungevågen er tareskogførekomstane i desse områda vurderte som svært viktige (A-verdi) grunna disse store samanhengande areala. Eit rikt dyre- og algeliv vart registrert i tareskogen. Studiar har vist at over 100.000 organismar kan finnast på ein enkelt tarestilk. Stortareskog er eit svært produktivt og viktig økosystem som dannar livsgrunnlaget for ei mengde marine organismar. Stortare er også ein organisme som er svært effektiv til å lagre CO2. Sør for Stadlandet er det registrert flokkar på nokre hundre mytande ærfugl, noko som syner verdien tareskogen også har for fugl. 

Ålegraseng

I ytre delar av Tungevågen er det registrert naturtypen ålegraseng. Ålegrasenga på denne lokaliteten vert vurdert som viktig. Den vert danna på mjuk mudder- og sandbotn, og er oppvekststad for mange artar. Ålegraset er ein blomsterplante, ein av dei få som lever i vatn. Den tek opp CO2 og lagrar karbon, demper bølgjer mot land og held sand og mudder på plass med røtene sine. På 1930-talet fekk ålegrasenger på begge sider av Atlanterhavet ein soppsjukdom som førte til at 90 % av bestanden forsvann. Dette hadde store konsekvensar for produktiviteten i marine gruntvassområde i lang tid, og lokalbefolkningen som hadde fiske som næringsveg fekk dårleg med fangst i fleire tiår.

Foto: Erling Svensen.

Nye korall

Verneføremålet

Føremålet med Stad marine verneområde er å ta vare på eit spesielt kystområde med trua, sjeldan og sårbar natur, og som representerer bestemte naturtypar av særskilt naturvitskapleg verdi. Det er ei målsetjing å halde naturen utan større grad av ytre påverknad, og området skal kunne tene som referanseområde for forsking, overvaking og aktivitetar som reketråling og tarehausting.

Stad er eit uvanleg vêrhardt område, der geologi og mangfald bêr preg av det. Mykje av det særprega biologiske mangfaldet er knytt til havbotnen, mellom anna korallrev, spesielle kalkalgar og store areal med tareskog. Dette er viktige oppvekst– og beiteområde for eit mangfald av marine artar. Verneføremålet knyter seg til vassøyla og sjøbotnen.

Foto: Espen Rekdal.

Få konsekvensar i kvardagen

Det marine vernet vil i liten grad påverke aktivitetane til folk kring Stad. Det er dyrelivet og vegetasjonen på og over havbotnen som er det primære verneføremålet i kandidatområdet. Friluftsliv kan halde fram som før, også når eit marint verneområde blir vedteke. Ein kan surfe, dykke, ferdast med båt eller andre fartøy, og nytte seg av ankringsplassar. 

Fritidsfiske kan også halde fram som tidlegare, utan nye reguleringar. Fiske med passive reiskap (snøre, teine, ruse, garn, line) kan som regel fortsette dersom dei ikkje fører til negative verknadar på verneverdiane. Bruk av snurrevad vil det også vere høve til fordi det ikkje påverkar sjøbotn. 

Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Restriksjonar på nye tekniske inngrep

Drift og vedlikehald av eksisterande anlegg og innretningar, som brygger, bruer, kablar og liknande vil framleis vere lov. Vernestatusen vil derimot få konsekvensar for nye tekniske inngrep. Framtidige inngrep på botn vil i utgangspunktet ikkje vere lov. Dette gjeld uttak av massar som skjelsand, sand eller grus. Fylkesmannen kan likevel gje løyve til mindre uttak av sand til eige bruk for tilgrensande grunneigarar.

Det vil ikkje vere opning for dumping av massar, då dette kan føre til nedslamming av botn og vegetasjon og dyr som lever over/på botn. Nye inngrep som til dømes legging av kablar i utvalde korridorar eller oppføring av nye kaianlegg kan få løyve frå Fylkesmannen dersom tiltaka ikkje er i strid med verneføremålet. Dette gjeld også t.d. levandelagring av fisk. Ein kan også få løyve til å bygge molo eller bølgjedemparar for etablerte småbåtanlegg dersom det ikkje er i strid med verneføremålet. 

Forbod mot taretråling vest for Stålet og Sør for Stad

Det er, i framlegget til verneforskrift, lagt opp til forbod mot taretråling i området sør for Stad og vest for Stålet. Aust for Stålet på nordsida av Stad er det opna for taretråling. Det er, i verneforskrifta, framlegg om opning for etablering av akvakulturanlegg aust for Stålet og ned mot Tungevågen dersom det ikkje kjem i strid med verneføremålet.

Vernegrensa

Vernegrensa følgjer normalt sett marebakken på 2 meters djupne. Det er unntak i område der det allereie er naturreservat på land som går ned til sjøen. I enkelte delområde vil også vernet inkludere tidevassonen opp til normal flo, avhengig av verneverdiar. Marint vern vil i avgrensa grad omfatte privat grunn. Staten eig området frå marebakken og nedover. Bygging av naust og sjøboder følgjer reglane i plan- og bygningslova der kommunen er forvaltningsmynde.

Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Prosessen på Stad

Det vart meldt oppstart i 2017 etter at Fylkesmannen fekk oppdraget frå Miljødirektoratet. Det kom inn mange innspel, og vart halde mange møte og synfaringar. Etter innspel frå kommunen, kystfiskarlag og fleire andre lokale aktørar valde Fylkesmannen, seinare Statsforvaltaren å utvide det føreslegne verneområdet til også å inkludere den sørvendte kyststripa sør for Fure og mot Drage.

Verneforskrifta kom på høyring, i lag med kartavgrensinga, vintaren 2021.  Nyhendesaker og oppdateringar om det enkelte området vert lagt ut på sida verneområde her hos Statsforvaltaren i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.