Tilsynsaksjon for å hindre utslepp av mikroplast frå kunstgrasbaner

Godt døme på infoskilt for å redusere spreiing av gummigranulat. Den ansvarlege for idrettsbaner skal sørge for å informere brukarane av idrettsbana om spreiing av plasthaldig laust fyllmateriale og tiltak for å redusere risikoen for slik spreiing, jf. forureiningsforskrifta § 23A-5.
Godt døme på infoskilt for å redusere spreiing av gummigranulat. Den ansvarlege for idrettsbaner skal sørge for å informere brukarane av idrettsbana om spreiing av plasthaldig laust fyllmateriale og tiltak for å redusere risikoen for slik spreiing, jf. forureiningsforskrifta § 23A-5. Foto: Gunn Helen Henne / Statsforvaltaren i Vestland.

Statsforvaltaren har gjennomført tilsyn med ti kommunar. Målet var å sjå korleis dei formar og driftar kunstgrasbaner, for å hindre utslepp av plastgranulat. Åtte av ti kommunar bryt forskrifta. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.09.2022

Åtte av ti bryt krava

I år har Statsforvaltaren gjennomført tilsyn med ti kommunar i Vestland. Åtte av dei braut med forskrifta, dei to siste viste seg å ikkje ha formelt ansvar for idrettsbaner som var omfatta av forskrifta. Nokre av kommunane har jobba lenge og godt med å redusere utsleppa frå drift og bruk av idrettsbanene sine, medan andre ikkje har kome så langt med å få oversikt over kva tiltak som må gjerast på deira baner for å stette forskriftskrava. For dei fleste kommunane skorta det på skriftleg dokumentasjon på kva rutinar for drift og vedlikehald ein har, og korleis ein har vurdert miljørisikoen for den enkelte idrettsbana.

Nye krav for å hindre spreiing av plast

Krava som gjeld alle baner går i hovudsak ut på å få kontroll med spreiing av plasthaldig fyllmateriale via brukarane av banene, driftsutstyr og maskiner, snørydding og drenering/avløp. Nye baner som vert bygd eller rehabilitert etter at forskrifta tok til å gjelde, skal også ha vurdert om andre typar fyllmateriale som ikkje inneheld plast kan vere eit alternativ. Dersom dei ansvarlege for bana går for plastgranulat, må dei ha tett barriere rundt heile bana for å hindre at granulat vert spreidd til miljøet. Ved rehabilitering må det dokumenterast at det gamle banedekket og granulatet har blitt avfallshandtert på ein forsvarleg måte.

Ikkje berre fotballbaner

Forskrifta gjeld for alle idrettsbaner og baner for fritidsaktivitetar som har plasthaldig laust fyllmateriale. Det vil seie at også ballbingar, innandørsbaner og travbaner kan vere omfatta av reglane. I denne tilsynsaksjonen har vi hatt mest merksemd på kunstgrasbaner nytta til fotball og anna idrett. Vi har likevel merka oss at mindre baner, balløkker og leikeareal med plastgranulat også har stort potensiale for forbetring med tanke på å redusere spreiinga av plast til naturen rundt seg.

Dei nye reglane for kunstgrasbaner kom i 2021

Frå 1. juli 2021 tok nye reglar til å gjelde for alle idrettsbaner med plastholdig laust fyllmateriale, jamfør forureiningsforskrifta kapittel 23A. Forskrifta stiller krav til utforming og drift av idrettsbaner med laust plasthaldig fyllmateriale, og krava gjeld både for innandørs og utandørs idrettsbaner. 

Føremålet med forskrifta er å hindre utslepp og spreiing av plashaldig laust fyllmateriale som vert brukt på idrettsbaner. 

Årleg nasjonalt utslepp på 6000 tonn mikroplast frå idrettsbaner

Det vart i 2020 ansått at gummigranulat, kunstgras og anna fallunderlag førte til eit årleg utslepp av mikroplast på omlag 6000 tonn. Gummigranulat frå kunstgrasbaner er vurdert til å vere den nest største landbaserte kjelda til mikroplast i Noreg. Den nye forskrifta er difor eit viktig tiltak for å redusere utslepp av mikroplast. 

Vegen vidare

Forskrifta har vore gjeldande i over eitt år, og dei ansvarlege for banene skulle for lengst hatt dei generelle aktsemds- og tiltakskrava som gjeld alle baner på plass. Statsforvaltaren vil følgje opp funna frå denne tilsynsaksjonen med både rettleiing og meir tilsyn framover. Både kommunar, idrettslag og andre ansvarlege for baner med plastgranulat som veit at dei ikkje har alt på stell, bør ta tak i det snarast.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.