Søknad til klima- og miljøprogrammet 2021

Forskings- og utgreiingsinstitusjonar, fag- og næringsorganisasjonar kan søkje om støtte til praktisk retta utgreiings- og informasjonsprosjekt som fører til auka kunnskap om meir miljøvenleg matproduksjon tilpassa eit endra klima. Søknadsfristen er 7. april 2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.03.2021

Statsforvaltaren forvaltar midlane som går til fylkesvise tiltak. Ramma for 2021 er på 1 million kroner. Utfylling av søknad skal gjerast i Altinn.

Formålet med tilskotsordninga

Klima- og miljøprogrammet skal bidra til å nå landbrukspolitikken sine mål innan klima og miljø.

Prosjekta skal medverke til at eksisterande eller ny kunnskap raskt når ut til næringsutøvarar, oppdatert kunnskap for rådgjeving og forvaltning, og å informere om jordbruket sin miljøinnsats til samfunnet elles.

Programmet omhandlar dei fem kategoriane klimatilpassing, klimagassutslepp og karbonbinding i jord, naturmangfald/kulturminne i kulturlandskapet og forureining til vatn, jord og luft. Prosjekt som er med på å styrke kunnskapsgrunnlaget om klimautfordringar vert prioriterte, og særleg prosjekt som rettar seg mot klimavennleg driftspraksis.

Prosjekt som får støtte frå programmet skal medverke til å nå følgjande mål:

  • At produksjon av mat skal gå føre seg med god ressursbruk og minst mogleg forureining, klimagassutslepp og tap av biologisk mangfald
  • Å auke miljøbidraget frå landbruket, som kulturlandskap, biologisk mangfald knytt til kulturmark, binding av karbon og produksjon av biogass
  • Å tilpasse agronomi og dyrkingssystem til endra klimaforhold, med sikte på å oppretthalde eller auke matproduksjonen og vareta produksjonsressursane

Kven kan søkje?

Føretak som arbeider med kunnskapsutvikling eller kunnskapsformidling kan søkje støtte frå programmet. Døme på aktuelle søkjarar er:

  • Utgreiings- og forskingsverksemder (institusjonar)
  • Fag- eller næringsorganisasjonar
  • Kommunar og andre føretak

For å kunne søkje, må føretaket vere registrert i Einingsregisteret.

Prioriteringar i 2021

I 2021 vil prosjekt som medverkar til å styrke kunnskapsgrunnlaget om klimavennleg driftspraksis bli prioriterte.

Prioritering av prosjekt som medverkar til å styrke kunnskapsgrunnlaget knytt til klimautfordringar i jordbruket, og prosjekt som byggjer opp under satsinga på klima- og miljøvennleg teknologi vil halde fram i 2021. Det er eit stort behov for å styrke kunnskapen om potensialet for reduserte klimagassutslepp innan ulike produksjonssystem.

Det er òg behov for å framskaffe betre kunnskap om potensialet for, og verknadene av, lagring av karbon i jordbruksjord og kunnskap om lystgassutslepp frå jord. I tillegg er det ønskjeleg å styrke kunnskapsgrunnlaget knytt til oppfølging av vassforskrifta, m.a. for å betre målrettinga av tiltaksgjennomføringa, og prosjekt som kan auke kunnskapen om pollinatorar i jordbrukslandskapet.

Aktuelle faglege tema kan til dømes vere:

Klimatilpassing

  • Gjødsling, jordpakking, hausting, etablering av driftsvegar, dyre- og plantemateriale til endra klimatilhøve, dekkesystem for frukt og bær
  • Førebygging av skade på jord og avling; hydroteknikk, hausteutstyr, driftsopplegg

Klimagassutslepp og karbonbinding

  • Redusere utslepp av metan frå husdyr og husdyrgjødsel, lystgass frå jord og CO2 frå nedbryting av karbon i jord og frå fossile energikjelder i gardsdrifta
  • Karbonbinding i dyrka jord, t.d. i open åker der ein kan forvente god effekt
  • Samanheng mellom reduserte utslepp, god agronomi og økonomi

Naturmangfald og kulturminne i kulturlandskapet

  • Styrking og synleggjering av kulturlandskap og biologisk mangfald i kombinasjon med vanlig jordbruksdrift
  • God praksis for istandsetting og skjøtsel av kulturminne og verdifulle naturtypar, verneområde og prioriterte artar
  • Informasjon om landbruket sitt bidrag til naturmangfald, kulturlandskap og varetaking av kulturminne

Forureining til vatn, jord og luft

  • Prosjekt innan temaa gjødsling, lagring og handtering av husdyrgjødsel og biorest, bruk av plantevernmiddel, erosjon, arealavrenning og jordarbeiding, drenering og hydroteknikk, reduksjon av ammoniakkutslepp, potensialet for bruk av biogjødsel og kompost, kantvegetasjon og fangdammar
  • Tiltak som støtter opp om godkjente vassforvaltingsplanar
  • Faktabasert kunnskapsgrunnlag rundt forureiningskjelder og effekt av tiltak, for å kunne gje god oppslutning om naudsynte tiltak

Søknadsfristen er 7. april. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.