SMIL-midlar til klima- og forureiningstiltak

For liten dimensjonering på hydroteknisk anlegg gir fare for å få vatn inn på jordet, erosjon og næringsavrenning.
For liten dimensjonering på hydroteknisk anlegg gir fare for å få vatn inn på jordet, erosjon og næringsavrenning. Foto: Trond Kvamme..

Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) kan nyttast til å betre vassmiljøet og samstundes gjere garden rusta for eit endra klima.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.01.2022

Ikkje alle er klar over moglegheitene SMIL-ordninga gjev når det gjeld handtering av både vatn og gjødsel. Det er mogleg å få SMIL-tilskot til tiltak som bidrar til å hindre eller redusere forureining eller risiko for forureining frå jordbruket. Dette omfattar mellom anna tiltak som reduserer erosjon og tap av jord og næringsstoff, utover det ein kan forvente gjennom vanleg jordbruksdrift. Innanfor regelverket for tilskotsordninga vurderer kvar kommune sjølv kva tiltak som er aktuelle å prioritere.

Handtering av vatn sikrar matjorda

Vatn som flaumar inn på bøen tek med seg jord og næringsstoff, til skade for både jordbruksareal og vassdrag. Det har blitt våtare på Vestlandet dei siste 20-30 åra. Med endringar i klima ventar ein endå meir nedbør og meir intens nedbør i åra framover. Dette set større krav til handtering av vatn. Det er nødvendig å reparere skadar og å auke dimensjonering i hydrotekniske anlegg som lukka bekk, kanal og kulvert / stikkrenne der vatn blir leia gjennom vegfylling. Sjå NIBIO-rapport Tilpassing til eit endra klima.

Det kan òg vere behov for å sikre elve- og bekkesider mot erosjon. Med rett utforming kan erosjonssikring òg gi meir liv i og langs elva. Sjå notat om naturvennleg erosjonssikring.

SMIL-tilskot kan òg vere aktuelt til flaumdempande tiltak, som forsinkar avrenning og kan reduserer flaumtoppar og erosjon ved kraftig nedbør. Eigna tiltak kan vere fordrøyingsdammar og tersklar. Gjenopning av bekkelukkingar og utviding av elveløp kan gi meir plass til vatnet. Sjå NIBIO Flomtiltak i landbruksområder. Avskjæringsgrøft kan i nokre tilfelle vere mogleg å få SMIL-midlar til, medan vanleg drenering av jordbruksareal heller blir vurdert etter ordninga tilskot til drenering av jordbruksjord.

Redusert avrenning og meir liv i og langs elva

Arealavrenning frå jordbruksområde med intensiv husdyrproduksjon kan føre med seg store mengder fosfor, med fare for algevekst i ferskvatn. Redusert fosforgjødsling og god gjødselhandtering er særs viktig, men ikkje alltid nok. Ved å utvide eller demme opp bekkeløpet kan ein etablere fangdam som kan halde tilbake fosfor slik at vatnet blir reinsa. Dette kan vere eit godt SMIL-tiltak i bekker med stor fosfortilførsle. Det er ikkje behov for å søkje om omdisponering ved etablering av fangdam på jordbruksareal, då økologiske reinsetiltak er inkludert i kva som blir rekna som jordbruksproduksjon. Der det manglar naturleg kantvegetasjon med buskar og tre kan det vere eit tiltak å etablere dette for å redusere næringsavrenning og erosjon.

Naturvennleg erosjonssikring, gjenopning av bekkelukkingar og etablering av kantvegetasjon for å redusere erosjon og avrenning vil òg vere gunstig for biologisk mangfald i og langs vassdraget når tiltaka blir utforma på ein god måte.

Fôringsplassar, rundballar, veksthus og gjødsellager

Andre aktuelle forureiningstiltak i SMIL-ordninga kan vere tiltak som samlar opp avrenningsvatn frå veksthus, reduserer avrenning frå fôringsplassar og rundballar eller reduserer risiko for tap av plantevernmiddel. Det kan òg bli gitt tilskot til dekke over eksisterande gjødsellager.

Tiltak i vassløp treng avklaring

Ein må vere varsam ved arbeid i vassløp. Tiltak i og langs bekkar og elvar kan krevje avklaring etter andre regelverk. Tiltak som har verknad for vassdrag må bli vurdert av NVE, jmf vassressurslova § 8. Statsforvaltaren kan vurdere kravet om at ein ikkje kan fjerne naturleg vegetasjonsbelte langs vassdrag med årssikker vassføring, jmf vassressurslova § 11. Statsforvaltaren eller fylkeskommunen må få vurdere omsyn til mellom anna fisk og elvemusling, jmf forskrift om fysiske tiltak i vassdrag. Kommunen kan vidare avklare kva terrenginngrep som treng avklaring etter plan- og bygningslova eller forskrift om produksjonstilskot.

Vurdere forventa effekt

Ved prioritering av tiltak må det bli teke omsyn til kva behov det er for tiltaket og kva som er venta effekt, til dømes for vassmiljøet. Føringar for målretta innsats for vassmiljø er gitt i regional vassforvaltingsplan2022-2027 med tilhøyrande tiltaksprogram. Det kan likevel vere behov for mange tiltak som ikkje er fanga opp her. Frivillige tiltak for å redusere tap av næringsstoff og jordpartiklar i landbruket er ei viktig prioritering i planen.

Ikkje SMIL-tilskot til vanleg drift

Å følgje lovpålagte krav som gjeld forureining blir rekna som del av den ordinære jordbruksdrifta, og kan ikkje bli gitt SMIL-tilskot til. Drift og skjøtsel som følgjer av normal bruk av areala knytt til eksisterande drift vil i hovudsak heller ikkje ha rett til SMIL-tilskot. SMIL-tilskot er først og fremst aktuelt til tiltak som inneber ei ekstra innsats utover dette, og som det er knytt særlege kostnadar til.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.