Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging

Nedlegging av husdyrgjødsel
Nedlegging av husdyrgjødsel Foto: NLR Vest.

Det kan gjevast tilskot for spreiing av husdyrgjødsel og biorest ved nedlegging eller nedfelling på fulldyrka og overflatedyrka areal. Formålet med tilskotet er å stimulere til at husdyrgjødsel og biorest blir lagt rett ned på jorda eller blanda direkte i jordsmonnet i staden for tradisjonell breispreiing med bladspreiar, fanespreiar eller kanon. Dette vil auke gjødslingseffekten, motverke utslepp til luft og redusere forureining til vatn.

Publisert 16.07.2019, Sist endra 24.03.2021

Definisjonar:

Biorest: restprodukt frå biogassanlegg
Nedlegging: gjødsla blir lagt i striper oppå jorda med stripespreiar / «blekksprut»
Nedfelling: gjødsla blir plassert ned i jorda ved hjelp av ulike metodar

Tiltaket er ikkje avgrensa til utvalde område, og tiltaket kan gjelde alt fulldyrka og overflatedyrka areal som eit føretak disponerer. Eit føretak treng ikkje fylle krava til tilskotet for alt areal det disponerer, men det arealet det blir søkt om tilskot for skal fylle alle vilkåra til tilskotet.

Tilskotet blir gitt éin gong per areal per år, ikkje for kvar gjødsling. All husdyrgjødsel på eit areal i ein vekstsesong må vere tilført med nedfelling/nedlegging for at arealet skal kunne godkjennast.

Siste frist for spreiing på areal med nedfelling/nedlegging er 10. august, og arealet skal haustast ved slått eller beiting etter den siste spreiinga i søknadsåret. Husdyrgjødsel og biorest som er spreidd ved nedlegging i open åker, må moldast ned innan to timar. Det skal spreiast minimum 5 kg total-Nitrogen i husdyrgjødsla per dekar. Føretaket skal ha gjødslingsplan og skiftenoteringar som viser spreiedato og gjødselmengde spreidd per dekar.

Føretak som mottek dette tilskotet kan ikkje i same søknadsomgang motta tilskot til spreiing av husdyrgjødsel om våren og/eller i vekstsesongen.

NB 1:
Den som disponerer eit areal (eig eller leiger) kan søke om tilskot for dette arealet, og eit føretak kan søke om tilskotet uavhengig av kven som utfører gjødslinga. Kravet er at gjødslinga er utført som nedfelling/nedlegging, og tilskotet blir utbetalt til den som disponerer jorda. Betaling for eventuell leigekøyring er ei privatrettsleg sak, og tiltaket set ikkje grenser for kor mykje leigekøyring eit føretak kan utføre.

NB 2:
Dersom ein søker om tilskot til nedfelling/nedlegging, kan ein få utbetalt inntil kr 5 000 (50kr/daa for inntil 100 daa). Dersom nedfellinga/nedlegginga vert utført ved hjelp av slangespreiing, kan ein få ytterlegare kr 25 000 (250kr/daa for inntil 100 daa). For å få fullt tilskot ved slangespreiing må ein søke om TO tilskot (Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel ved nedfelling eller nedlegging, og Tilskot til spreiing av husdyrgjødsel med tilførselslange).

NB 3:
Mesteparten av tilskotet for nedfelling/nedlegging er lagt til spreiing ved tilførselslange då slangespreiing er eit viktig tiltak for å redusere jordpakking, redusere utslepp av lystgass og betre produksjonspotensialet i jorda. Ved investering vil det såleis lønne seg både agronomisk og økonomisk å kjøpe slange, dersom arealet ein disponerer tillet det. Bruk av mellomlager nær slåttearealet kan gje auka mogelegheiter for slangespreiing på einskildbruk.

Utmålingseining og førebels tilskotssats

  • kr 50 per daa
    Inntil 100 daa per føretak
    (Nedfelling eller nedlegging av husdyrgjødsel på full- og overflatedyrka areal innan 10.august, der all husdyrgjødsel på eit areal i ein vekstsesong er tilført med nedfelling eller nedlegging.)