Statistikkbanken er oppdatert med tal for 2020
Det er gjort nokre endringar i dokumentet.
Publisert 23.08.2021
Dei største endringane er som følger:
- Knappar er fjerna da dei hjå fleire ikkje kan brukast grunna it-sikkerheit knytt til køyring av kodar.
- Statistikkbanken er oppdatert med tal for 2020 i alle ark med unntak av historiske tal for frukt og bær samt hogst- og planteareal.
- Arket KART og leigd jordbruksareal har blitt forbetra.
- Det er blitt oppretta nye ark med tal frå leveransar til meieri og slakteri basert på rapport «Leveranser til meieri i landbruket 2020» som ligg på data.norge.no.
- Det er også oppretta eit nytt ark som visar oversikt over produksjon- og avløysertilskot.
Det vil etterkvart bli ein oppdatering av arket Hogst- og planteareal med tal for 2020. Mindre oppdateringar vil skje fortløpande. Neste store oppdatering vil skje etter mars 2022 når tala for 2021 er klare.