Organisert beitebruk – beitesesongen 2021

Mange sauer gjekk langt i sommarvarmen i fjor. Få rovdyr og organisert beitebruk førte til lite tap av beitedyr.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.02.2022

I 2021 var det på landsbasis 1,4 millionar sauer og lam i utmarka gjennom organisert beitebruk. Det er om lag det same som året før. Innlandet har størst del av småfe på utmarksbeite, med 22,6 prosent. Vestland fylke kjem på ein god nummer to, med mest 20 prosent sau og lam på utmarksbeite.

Kring 95 000 storfe vart sleppt på utmarksbeite, av desse 19 000 i Vestland, og av 22 800 geiter er det nesten ein tredjedel i Vestland som er ute på fjellbeite om sommaren.

Vestland er òg det fylket som har nest lågast lammetap i landet; 5,2 prosent. Berre Rogaland har lågare tapstal. Møre og Romsdal og Nordland er fylka med størst tap, kring 9 prosent i gjennomsnitt. Likevel er det store variasjonar lokalt.

Tørr sommar påverka aktiviteten

Alle dei 198 aktive beitelaga i Vestland har meldt om ein uvanleg tørr sesong. Kombinert med lite snø i fjellet førre vinter, gav det eit tidleg beiteslepp mange stader. Tilsvarande vart det meldt om tidleg hausting i fjellet og mange dyr trekte heim før oppsett sankedato. Mange dyr vandra meir enn normalt, spesielt mot slutten av beitesesongen. Tørre elvar gjorde at dei kom langt.

Tapsårsaker

Ei utfordring som går att hjå svært mange beitelag er auka førekomst av skårfeste. Mange lag har hatt mykje arbeid med å få løyst dyr, og mange dyr har ramla ned.

Mange beitelag melder dels om mange observasjonar av ørn og dei mistenker ein del tap av lam til ørn og rev, spesielt tidleg i sesongen. Ein del lag gjev skotpremie for rev.

Ulven, som dei siste åra tok føre seg i Hyllestad, Høyanger og Fjaler, vart teken ut i januar 2021, og beitelag i dette området kunne no melde om ein roleg sesong med meir normale tapstal.

Beitelaga Indre Sogn og Stryn melder om observasjonar og tap til jerv. Generelt er det vanskeleg å få dokumentert tapsårsak, sidan det er få kadaverfunn.

Det vert meldt om godt samarbeid innan laga, og økonomien er bra hjå dei fleste. Trass i tørr sommar har lammevektene vore frå normale til gode.

Figur 1: Lammetap per kommune i 2020 og 2021
Figur 1: Lammetap per kommune i 2020 og 2021

Figur 1: Opne i større format

Tabell 1: Oversyn over sleppte og tapte sau og lam per kommune for 2021
Tabell 2: Oversyn over sleppte og tapte storfe og geit per kommune for 2021

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.