Innføringskurs i grunnleggande forvaltningsrett for tilsette i alle sektorar i kommunane

Universitetet i Bergen har i samarbeid med Statsforvaltaren utvikla eit innføringskurs i forvaltningsrett for kommunalt tilsette. Frist for å søkje om deltaking på kurs som blir gjennomført våren 2023 er fredag 2. desember.

Publisert 31.10.2022

Sidan oppstart våren 2019 har 126 deltakarar gjennomført kurset, og tilbakemeldingane frå deltakarane har vore svært positive. Kurset vart vurdert som relevant, tilpassa og nyttig av tilsette i alle sektorar.

Målgruppe

Tilsette som i ein del av stillinga si er saksbehandlar/skriv vedtak innanfor t.d. pleie og omsorgstenesta, barnevern, sosial, oppvekst og utdanningssektoren, teknisk etat og alle andre delar av den kommunale forvaltning, og som har fagbakgrunnen sin frå desse felta.

Formelle krav

For kursdeltakarar over 25 år er det ikkje krav til studiekompetanse, medan deltakarar under 25 år må dokumentere studiekompetanse. Statsforvaltaren legg til grunn at kurset vil vere mest relevant for dei med nokre års arbeidspraksis.

Pensum og gjennomføring

Kurset vil ha merksemd på hovudreglar og trening i vedtaksskriving innanfor den enkeltes fagfelt, blir lagt opp slik at det er tilpassa arbeidssituasjonen og skal vere praktisk til nytte i deltakarens arbeidskvardag.

Undervisninga er for det meste nettbasert, med to samlingar på Universitetet i Bergen. Oppstartsdato for første nettførelesing er torsdag 9. februar 2023.

Dei to samlingane blir gjennomført fredag 24. til laurdag 25. mars og fredag 12. til laurdag 13. mai. Samlingane vil bli strøyma for dei som ikkje kan møte.

Eksamen

Kurset blir avslutta med heimeeksamen 8. juni, og vil gi 10 studiepoeng.

Praktisk informasjon

  • Kurset har plass til om lag 30 deltakarar.
  • Kursavgift er estimert til om lag kr 26.000. I tillegg kjem utgifter til overnatting og reise til to samlingar, kvar over to dagar.
  • Statsforvaltaren tek sikte på å gi kvar kommune som deltek eit tilskot på om lag kr. 15 000 ved fullført deltaking på kurset. Kvar kommune vil få tilbod om eitt slik tilskot.

Søknad/påmelding

Det er kommunen som søkjer for den tilsette, dersom fleire kandidatar ber vi om at kommunedirektør nominerer desse i rekkefølgje med ein kort omtale av kvar. Deltakarane kan gjerne komme frå ulike sektorar i kommunen.

Dersom mange søkjarar, vil vi avgrense deltakinga frå kvar kommune og opprette venteliste.

Søknad, eventuelt nominert rekkefølgje av kandidatar, sender kommunen til: sfvlpost@statsforvalteren.no seinast fredag 2. desember 2022.

Søknaden må innehalde desse opplysningane om den/dei tilsette:

  • e-postadresse
  • namn
  • adresse
  • fødselsdato (ikkje personnummer)
  • stilling i kommunen
  • kort omtale av søkjaren sine oppgåver og fagbakgrunn
  • dokumentasjon på studiekompetanse (for dei under 25 år)

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.