Envir AS søker om etablering av jordvaskeanlegg og auka mottak av forureina massar

Høyringsfrist:
1. oktober 2022 23:59

Envir AS i Simonsviken, Sjøkrigsskoleveien 15, i Bergen kommune søker om etablering av jordvaskeanlegg for vasking av forureina massar. I tillegg er det søkt om auke av årleg mottaksmengd av forureina massar frå 50 000 tonn til 150 000 tonn.

Publisert 30.08.2022

Eksisterande løyve

Envir AS har i dag løyve til å ta imot, lagre og skipe ut 50 000 tonn forureina massar i Simonsviken. I tillegg har verksemda eit tidsavgrensa løyve til varmebehandling av jord med framande artar til og med 31. desember 2022.

Jordvaskeanlegg

Verksemda søker om å få ta imot og vaske inntil 150 000 tonn forureina massar per år i Envirs eksisterande bygg i dag. Dette inneber ein auke på 100 000 tonn frå dagens løyve. All handtering av massane skal gå føre seg innandørs på tett betongdekke. Det skal ikkje vere utslepp til grunn eller resipient frå drift av jordvaskeanlegget.

Vaskeanlegget vil føre til at mindre mengder forureina massar må skipast ut med båt, noko som vil føre til færre båtanløp og færre dagar der det går føre seg transport ned til kaia og med det redusert støy. Ut i frå støyutrekningar er det denne aktiviteten som fører til mest støy til naboar. 

Vatnet i vaskeprosessen skal reinsast og brukast om igjen i prosessen. Det er tenkt å bruke omvendt osmose for å avsalte sjøvatn som kan tilsettast i vaskeprosessen. Dette vil føre til eit utslepp av vatn med ein saltkonsentrasjon på 6-6,5 %, mot 3,5 % i vanleg sjøvatn. Utsleppet vil skje om lag kvar 4. dag og svare til om lag 150-230 kubikk per år.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2021/2923. Frist for å gje fråsegn er 1. oktober 2022.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.