Stad skipstunnel - Kystverket søkjer om løyve til utslepp frå mellombels anleggsverksemd

Høyringsfrist:
19. august 2022 23:59

Kystverket skal byggje ein skipstunnel gjennom Stadlandet. Stad skipstunnel vil bli ein 1,7 km lang tunnel mellom Moldefjorden og Kjødepollen i Stad kommune. Tunnelen vert bygd for å betre tryggleiken, og det skal bli lettare for sjøtransport å ta seg fram forbi Stad.

Publisert 23.06.2022
Kart som visar dagens hovudlei (raudt), alternativ lei ved stor sjø (kvitt) forbi Stadlandet, samt ny hovudlei (grønt) gjennom Stad skipstunnel (gult). Stad skipstunnel skal gå mellom Moldefjorden og Kjødepollen i Stad kommune. Denne figuren er henta frå søknaden. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.
Kart som visar dagens hovudlei (raudt), alternativ lei ved stor sjø (kvitt) forbi Stadlandet, samt ny hovudlei (grønt) gjennom Stad skipstunnel (gult). Stad skipstunnel skal gå mellom Moldefjorden og Kjødepollen i Stad kommune. Denne figuren er henta frå søknaden. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Kystverket søkjer om fleire løyve etter forureiningslova i samband med bygging av Stad skipstunnel

Statsforvaltaren i Vestland har mottatt to søknadar frå Kystverket om løyve etter forureiningslova i samband med bygging av Stad skipstunnel:

  1. ein søknad om mudring, dumping og utfylling, og 
  2. ein søknad om utslepp frå mellombels anleggsverksemd.

Denne høyringa gjeld søknad om løyve etter forureiningslova til utslepp frå mellombels anleggsverksemd.  

Om søknad om løyve til mellombels anleggsverksemd

Løyve etter forureiningslova til utslepp frå mellombels anleggsverksemd vil mellom anna regulere

  • korleis anleggsarbeidet skal utførast,
  • kva avbøtande tiltak som skal nyttast og
  • korleis overvaking skal utførast slik at fare for forureining og negativ påverknad på omkringliggjande interesser blir redusert til ein akseptabel risiko.

Utslepp frå tiltaka i sjø i samband med bygginga av Stad skipstunnel vil bli regulert i eige løyve, og er ikkje ein del av denne søknaden.

Kva er inkludert i søknaden om mellombels anleggsverksemd?

Omtale av planlagde tiltak er gitt i kapittel 7 i søknaden. Stad skipstunnel vil bli 1,7 km lang, 50 meter høg og 36 meter brei. Totalt masseuttak er på om lag 3 800 000 m3 fast fjell. Planlagt anleggsoppstart er i 2023/2024, og byggjetida er estimert til om lag 4 – 5 år med døgnkontinuerleg drift.

Bygging av Stad skipstunnel vil innebere omfattande anleggsarbeid inkludert graving, sprenging, massetransport, bergsikring og etablering av permanente konstruksjonar og installasjonar. Metodikk og rekkefølgje på anleggsarbeidet er per dags dato ikkje kjent då det vil inngå som ein del av totalentreprisen. Søknaden tar utgangspunkt i at driveopplegget blir basert på eit forslag frå rapporten Teknisk forprosjekt. Reguleringsplanen legg til grunn einsidig driving av tunnelen frå Moldefjordsida. Kystverket ønskjer å drive med parallell drift frå begge sider av tunnelen. Ein føresetnad for dette er avklaringar med eksterne mottaksstadar som kan ta imot overskotsmassar frå Kjøde.

Kapittel 6 i søknaden gjer greie for tiltaksområdet med tanke på mellom anna geologi, vassførekomstar, miljøtilstand, lagdeling, straumtilhøve, naturmangfald, fiskeri- og havbruksinteresser og marine kulturminne.  Potensiell påverknad på naturmiljøet frå ulike forureiningskjelder som kan oppstå under anleggsarbeidet er beskrive i kapittel 8 i søknaden. Forslag til førebyggjande og avbøtande tiltak for å verne om det ytre miljøet og redusere risiko for forureining er beskrive i kapittel 9 i søknaden.

Yttelegare informasjon

På Stad skipstunnel si prosjektnettside ligg diverse utgreiingar, rapportar, bakgrunnsinformasjon og illustrasjonar.

Vedtatt reguleringsplan med plankart og føresegner er tilgjengeleg i Stad kommune sin plandatabase.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2022/6077. Frist for å gje fråsegn er 19. august 2022.

Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Om de har fråsegn til begge søknadane i samband med bygging av Stad skipstunnel, ber vi om at fråsegnene blir sendt i to sendingar, og merka med det respektive saksnummeret.