Stad skipstunnel - Kystverket søkjer om løyve til mudring, dumping og utfylling i sjø

Høyringsfrist:
19. august 2022 23:59

Kystverket skal byggje ein skipstunnel gjennom Stadlandet. Stad skipstunnel vil bli ein 1,7 km lang tunnel mellom Moldefjorden og Kjødepollen i Stad kommune. Tunnelen vert bygd for å betre tryggleiken, og det skal bli lettare for sjøtransport å ta seg fram forbi Stad. 

Publisert 23.06.2022
Kart som visar dagens hovudlei (raudt), alternativ lei ved stor sjø (kvitt) forbi Stadlandet, samt ny hovudlei (grønt) gjennom Stad skipstunnel (gult). Stad skipstunnel skal gå mellom Moldefjorden og Kjødepollen i Stad kommune. Denne figuren er henta frå søknaden.
Kart som visar dagens hovudlei (raudt), alternativ lei ved stor sjø (kvitt) forbi Stadlandet, samt ny hovudlei (grønt) gjennom Stad skipstunnel (gult). Stad skipstunnel skal gå mellom Moldefjorden og Kjødepollen i Stad kommune. Denne figuren er henta frå søknaden. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

Kystverket søkjer om fleire løyve etter forureiningslova i samband med bygging av Stad skipstunnel

Statsforvaltaren i Vestland har mottatt to søknadar frå Kystverket om løyve etter forureiningslova i samband med bygging av Stad skipstunnel:

  1. ein søknad om mudring, dumping og utfylling, og 
  2. ein søknad om utslepp frå mellombels anleggsverksemd.

Denne høyringa gjeld søknad om løyve etter forureiningslova til mudring, dumping og utfylling.

Om søknad om løyve til tiltak i sjø

Løyve etter forureiningslova til tiltak i sjø vil mellom anna

  • regulere korleis arbeidet med tiltaka i sjø skal utførast,
  • kva avbøtande tiltak som skal nyttast og
  • korleis overvaking skal utførast slik at fare for forureining og negativ påverknad på omkringliggjande interesser blir redusert til ein akseptabel risiko.

Utslepp frå mellombels anleggsverksemd i samband med bygginga av Stad skipstunnel vil bli regulert i eige løyve, og er ikkje ein del av denne søknaden.

Kva tiltak i sjø vert det søkt om?

I samband med bygginga av Stad skipstunnel søkjer Kystverket om løyve til å gjennomføre følgjande tiltak i sjø:

  • utdjuping av farleia i Saltasundet til kote -14,3 meter
  • utdjuping av farleiene i entringsområda i Moldefjorden og Kjødepollen til kote -13,25 meter
  • mellombels og permanent utfylling i sjø i entringsområda i Moldefjorden og Kjødepollen
  • deponering av totalt 8 500 000 m3 i sjødeponi i Moldefjorden
Oversiktskart som viser utdjupingsområdet i Saltasundet (1.), sjødeponiet i ytre Moldefjord (4.), og utfyllingsområda og entringsområda i indre del av Moldefjorden (3.) og Kjødepollen (2.). Figuren er henta frå søknaden.
Oversiktskart som viser utdjupingsområdet i Saltasundet (1.), sjødeponiet i ytre Moldefjord (4.), og utfyllingsområda og entringsområda i indre del av Moldefjorden (3.) og Kjødepollen (2.). Figuren er henta frå søknaden. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.

I vedtatt reguleringsplan er det regulert eit sjødeponi i Moldefjorden med kapasitet på 8 500 000 m3. For å sikre effektiv drift og logistikk i arbeidet med Stad skipstunnel søkjer Kystverket om løyve til å deponere alle overskotsmassane i sjødeponi i Moldefjorden, inntil totalt 8 500 000 m3. Kystverket samarbeider med omkringliggjande kommunar og private aktørar for å finne samfunnsnyttig bruk av overskotsmassane, så faktisk mengde massar til sjødeponi i Moldefjorden er venta å vere mindre enn dette.

Yttelegare informasjon

På Stad skipstunnel si prosjektnettside ligg diverse utgreiingar, rapportar, bakgrunnsinformasjon og illustrasjonar.

Vedtatt reguleringsplan med plankart og føresegner er tilgjengeleg i Stad kommune sin plandatabase.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta, inkludert høyringsbrevet, finn du til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan du sende til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Merk saka med saksnummer 2021/5132. Frist for å gje fråsegn er 19. august 2022.

Alle fråsegner blir registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.

Om de har fråsegn til begge søknadane i samband med bygging av Stad skipstunnel, ber vi om at fråsegnene blir sendt i to sendingar, og merka med det respektive saksnummeret.