Høyring av ny forskrift om fiske utanfor vassdrag med anadrom laksefisk og om nedsenking av garn i Vestland fylke

Høyringsfrist:
20. august 2022 23:59

Vi legg fram forslag til ny forskrift. Frist for å gje uttale er 20. august 2022. 

Publisert 20.05.2022

Det er i dag tre regionale forskrifter som regulerer fisket i 100-meterssoner, munningsfredingssoner og nedsenking av garn utanfor munningsfredingssonene i fylket. Forskriftene frå Hordaland og Sogn og Fjordane skal no samlast i ei felles forskrift for Vestland. 

Forskrift om fiske i og utanfor munningsfredingssoner

Føremålet med forskrifta er å gje anadrom laksefisk (laks/sjøaure) naudsynt vern mot risiko for overfiske i sjø i Vestland.

Utkast til ny forskrift og høyringsnotatet finn du i høgremenyen. 

Frist for å gje uttale er 20. august 2022

Alle som ønskjer det kan kome med uttale til ny forskrift. Vi ber om at uttale anten blir sendt med brev til Statsforvaltaren i Vestland, miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger eller med e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no innan 20. august 2022. Merk uttalen med 2021/12072.