Ledige verv i kontrollkommisjonane i Vestland

I Vestland er det seks kontrollkommisjonar for psykisk helsevern. Det er ledige verv i alle kommisjonane frå 1. januar 2024. Søknadsfristen er 1. november 2023.

Publisert 12.09.2023

Statsforvaltaren oppnemner medlemmer til kontrollkommisjonane for psykisk helsevern. Det skal vere ein kontrollkommisjon ved kvar institusjon der nokon er under psykisk helsevern.

Kontrollkommisjonen skal sikre rettstryggleiken

Hovudoppgåva til kontrollkommisjonen er å sikre rettstryggleiken til den enkelte i møtet med det psykiske helsevernet. Kommisjonen kontrollerer tvangsvedtak, behandlar klager og fører velferdskontroll. Kommisjonen har faste møte.

Kommisjonen har fire medlemmer kvar, med personleg varamedlem. Medlemmene vert oppnemnde for fire år, og kan reoppnemnast ein gong. Kontrollkommisjonen skal vere samansett i tråd med reglane i likestillings- og diskrimineringslova § 28. Ved oppnemning til offentlege utval skal begge kjønn vere representerte med minst to medlemmer når utvalet har fire til fem medlemmer. Dette gjeld også ved oppnemning av varamedlemmer.

Som medlem i kontrollkommisjonen kan du ikkje arbeide i det psykiske helsevernet eller ha andre bindingar til helseføretaket eller institusjonen som høyrer inn under kontrollkommisjonen. Du må ha interesse for psykisk helsearbeid og psykisk helsevern og like å samarbeide.

Følgjande verv er ledige for perioden 1. januar 2024 til 31. desember 2027

Kontrollkommisjonen for Førde sentralsjukehus, Psykiatrisk klinikk og Ungdomsavdelinga:

  • Leiar
  • Vara for leiar
  • Brukar-/pårørandemedlem
  • Vara brukar-/pårørandemedlem
  •  

 Kontrollkommisjonen for Haukeland:

  • Lekmedlem
  • Vara for lekmedlem

Kontrollkommisjonen for Nordhordland, Midhordland og Sotra:

  • Leiar
  • Vara  for leiar
  • Vara legekyndig medlem

Kontrollkommisjonen for Sandviken:

  • Legekyndig medlem
  • Vara for legekyndig medlem

Kontrollkommisjonen for Sogn og Fjordane:

  • Leiar
  • Vara for leiar
  • Legekyndig medlem
  • Brukar-/pårørandemedlem
  • Lekmedlem

Kontrollkommisjonen for Sunnhordland, Hardanger og Voss:

  • Legekyndig medlem
  • Brukar-/pårørandemedlem

Kvalifikasjonar for dei ulike verva

Krav til kvalifikasjonar for leiar/vara for leiar:

  • Kontrollkommisjonen skal leiast av ein jurist som er kvalifisert til å gjere teneste som dommar. I dette ligg at vedkomande må tilfredsstille krava i domstol lova §§ 53-55. Etter lova sine krav må vedkomande vere norsk statsborgar, over 25 år og ha juridisk embetseksamen. Videre må vedkomande tilfredsstille høge krav til faglege kvalifikasjonar og personlege eigenskapar. Vedkomande bør ha erfaring som dommar/ dommarfullmektig, leiar av fylkesnemnda og/eller erfaring innan helse-/sosialfeltet, eksempelvis gjennom advokatpraksis.

Krav til kvalifikasjon for legekyndig medlem/vara legekyndig medlem:

  • Kontrollkommisjonen skal ha ein medlem som er lege. Medlemmen bør ha spesialitet i allmennmedisin, og det vil vere ein fordel med lang praksis som allmennlege. Det vil vidare vere ein fordel med erfaring frå kommunehelsetenesta, eksempelvis som fastlege. Ei brei samfunnsmedisinsk orientering vil også vere verdifull.

Krav til brukar-/pårørandemedlem og lekmedlem:

  • Kommisjonane skal ha to lekmedlem med eigen vara. Av dei to faste medlemmane skal ein enten sjølv ha vore under psykisk helsevern, vere eller ha vore nærståande til pasient, eller ha representert pasientinteresser i stilling eller verv. 
  • Det er ingen krav til bakgrunnen til det andre lekmedlemmen, men vedkomande kan for eksempel ha helse- eller sosialfagleg bakgrunn eller anna relevant erfaring for vervet.

Søknad

Du må levere søknad med følgjande opplysningar:

  • CV eller ei liknande oppstilling av utdanning og praktisk erfaring
  • kvifor du ønskjer å vere med i kontrollkommisjonen
  • opplysningar om du har vore medlem i kontrollkommisjonen tidlegare, kva kommisjon dette var og kva periode/periodar
  • opplysningar om andre aktuelle engasjement og tilsettingar (for habilitetsvurdering)
  • namn på to personar som vi kan kontakte for referansar
  • kva kommisjonar du søkjer verv i  

Habilitet

I psykisk helsevernlova § 6-2 tredje ledd står det at: «Ingen kan være medlem av en kontrollkommisjon som skal føre tilsyn med tiltak og institusjoner for psykisk helsevern som vedkommende har noe ansvar for i sin vanlige stilling.»

Helsedirektoratet seier vidare at medlemmen heller ikkje bør vere tilsett i det psykiske helsevernet. 

Oppnemning

Vi gjennomfører intervju, dokumentkontroll og sjekkar referansar. Oppnemningsperioden er fire år. Oppnemninga er personleg. I tilfelle den som vert oppnemnd også er medlem i brukar- eller pårørandeorganisasjon, representerer vedkomande som medlem i kommisjonen ikkje virket eller synspunkta til organisasjonen.

Helsedirektoratet legg til grunn at oppnemning til verv i kontrollkommisjon ikkje er å rekne som enkeltvedtak etter forvaltningslova.

Godtgjering for arbeid i kontrollkommisjonen

Arbeid i kontrollkommisjonen vert godtgjort per time etter reglane i psykisk helsevernforskrifta §§ 64 – 68. Satsen er rekna i prosent av salærforskrifta § 2. Reiseutgifter vert dekt etter særavtalen om dekking av utgifter til reise og kost innanlands. Nærare informasjon blir gitt ved oppnemning.

Arbeidstid varierer etter behov for dei enkelte kommisjonane. Helsedirektoratet arrangerer årlege kurs med opplæring av nye medlemmer av kontrollkommisjonane.

Send søknad til Statsforvaltaren i Vestland, på e-post: sfvlpost@statsforvalteren.no eller per post til Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Nærare opplysningar får du hos Marit Stornes, som du finn under «Kontaktpersonar».

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.