Ledige verv i kontrollkommisjonane i Vestland
Det er ledige verv i fem av kontrollkommisjonane i Vestland. Søknadsfristen er 10. september.
Sist endra 03.08.2022
Det skal vere ein kontrollkommisjon ved kvar institusjon der nokon er under psykisk helsevern, og Statsforvaltaren oppnemner medlemmer til kontrollkommisjonane.
Hovudoppgåva til kontrollkommisjonane er å sikre rettstryggleiken til den enkelte i møtet med det psykiske helsevernet. Kontrollkommisjonen kontrollerer tvangsvedtak, behandlar klagar og fører velferdskontroll.
Trykk på lenkjene under for meir informasjon og søknadsprosedyre for dei ledige verva ved dei ulike kontrollkommisjonane.
- Ledige verv i Kontrollkommisjonen for Haukeland
- Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Sandviken
- Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Nordhordland, Midhordland og Sotra
- Ledige verv i Kontrollkommisjonen for Sunnhordland, Hardanger og Voss
- Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Førde sentralsjukehus, Psykiatrisk klinikk og Ungdomsavdelinga
Kontaktpersonar
-
Marit Stornes
Tlf: 55 57 22 08