Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Sogn og Fjordane

I Kontrollkommisjonen for Sogn og Fjordane er det frå 1. mai 2022 ledig verv som vara for legekyndig medlem. Søknadsfristen er 15. januar 2022.

Publisert 19.11.2021, Sist endra 02.12.2021

Statsforvaltaren oppnemner medlemmer til Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern. Det skal vere ein kontrollkommisjon ved kvar institusjon der nokon er under psykisk helsevern. 

Det er også ledig verv i Kontrollkommisjonen for Førde sentralsjukehus, Psykiatrisk klinikk og Ungdomsavdelinga, med same søknadsfrist.

Kontrollkommisjonen skal sikre rettstryggleiken

Hovudoppgåva til kontrollkommisjonen er å sikre rettstryggleiken til den enkelte i møte med det psykiske helsevernet. Kommisjonen kontrollerer tvangvedtak, behandlar klager og fører velferdskontroll. Kommisjonen har faste møte. Heile arbeidsdagen går med.

Kommisjonen har fire medlemmer med personleg varamedlem. Medlemmene blir oppnemd for fire år, og kan reoppnemnast ein gong. 

Som medlem i kontrollkommisjonen kan du for tida ikkje arbeide i det psykiske helsevernet eller ha andre bindingar til helseføretaket eller institusjonen. Du må ha interesse for psykisk helsearbeid og psykisk helsevern og like å samarbeide.

Kvalifikasjonar

Lege bør ha spesialitet i allmennmedisin og helst lang praksis som lege.

Godtgjering for arbeid i kontrollkommisjonen

Arbeid i kontrollkommisjonen blir godtgjort per time etter reglane i psykisk helsevernforskrift §§ 64 - 68. Satsen er rekna i prosent av salærforskrifta § 2. Reiseutgifter blir dekt etter særavtalen om dekking av utgifter til reise og kost innanlands. Nærare informasjon blir gitt ved oppnemning.

Habilitet

Frå Rundskriv for fylkesmennene vedrørende oppnevning av medlemmer til kontrollkommisjonen i det psykiske helsevernet IS-5/2014:

"Etter psykisk helsevernloven § 6-2 tredje ledd kan ingen oppnevnes som medlem av en kontrollkommisjon som skal føre kontroll med en del av det psykiske helsevern som vedkommende har ansvar for i sin vanlige stilling. Medlemmet bør heller ikke være ansatt i det psykiske helsevernet for øvrig".

Send søknad til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger eller som e-post til: sfvlpost@statsforvalteren.no

Institusjonar som høyrer inn under Kontrollkommisjonen for Sogn og Fjordane er: 

  • Nordfjord Psykiatrisenter, Nordfjordeid
  • Indre Sogn Psykiatrisenter, Sogndal

Nærare opplysningar kan du få hos Marit Stornes og Mona Fauskanger.