Podkastserie deler kunnskap om mat og måltidsglede blant eldre

Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland og Høgskulen på Vestlandet har i samarbeid produsert podkastserien Mat og måltid blant eldre. Alle episodene er no publisert.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 28.05.2021, Sist endra 28.05.2021

Podkastserien består av fire episodar og handlar om korleis kommunar kan jobbe for å skape gode måltidsopplevingar og hindre underernæring blant eldre. Vi får høyre frå fire kommunar at mat er meir enn rett ernæring. Det er også sosiale møte, sansar som vaknar til live og auka livskvalitet.

Betre matomsorg til eldre

Podkastane tek opp sentrale problemstillingar som må diskuterast for å kunne betre matomsorgen til eldre. Dei gir gode moglegheiter til å lytte og lære, forutan fagleg påfyll og inspirasjon. Tiltaket er eit godt alternativ under korona, no som vi ikkje kan treffast fysisk på samlingar. Det er Senter for omsorgsforskning som står bak produksjonen, i tett samarbeid med støtteapparatet til Leve heile livet-prosjektet. Høgskulen på Vestlandet har bidratt med det tekniske rundt og publiseringa av podkastane.

Fire tema om mat og måltid

Podkastane er tilgjengeleg for alle som ønskjer å lytte og lære. Under følgjer kort omtale av episodane. 

  • Episode 1. Førebyggande heimebesøk til eldre. Fleire kommunar kjem på førebyggande heimebesøk til eldre. I denne episoden fortel Sønneve frå Bergen og Bjørg frå Bjørnafjorden om korleis førebyggande heimebesøk kan setje ernæring, måltid og mathandling på dagsorden.

  • Episode 2. Spisevenn. Ein spisevenn er ein frivillig som deler eit måltid saman med ein som ønskjer seg selskap. Eva er frivilligheitskoordinator og organiserer spisevenn-tilbodet i Bergen, medan Kristina er spisevenn, og har stor glede av det sjølv.

  • Episode 3. Mat, måltid og frivilligheit. I Gloppen er det kommunale kjøkenet i sentrum for kommunen sitt mattilbod. Kjøkensjef, Gunnvor, fortel om kortreist mat og variasjon i kosten. Elfrid leier dei frivillige, som køyrer maten ut til eldre heimebuande. Ikkje ein gong på julaftan sviktar matleveringa.

  • Episode 4. Mat som miljøskapande tiltak i institusjon. Mat skapar miljø og engasjerer både friske og sjuke eldre. Frå Kinn høyrer vi Jorunn, Elisabeth, Tore og Anne. Dei jobbar alle på kvar sin måte for å skape gode dagar for dei eldre, gjennom mat og måltid.

Her kan du høyre podkastserien Mat og måltid for eldre. 

Her kan du sjå opptak av webinaret mat og måltid, der podkastserien vart lansert.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.