Nettverk for aldersvenlege samfunn i Vestland

Bente Solheim (f.v.) Liv Jorunn Solstad, Veronika Natås, Siw Rognmo Vangen, Leni Klakegg og Åse Vaag er alle med i arbeidsgruppa for det regionale nettverket. Foto: Janne Weltzien Listhaug/Statsforvaltaren i Vestland

Det regionale nettverket skal vere ein fellesarena der kommunane i Vestland kan dele erfaringar og utfordringar, og etablere samarbeid på tvers. Alle kommunane er velkomne til å delta.

Publisert 29.06.2022, Sist endra 25.04.2023

Det regionale støtteapparatet i Vestland og Senter for aldersvennleg Norge, inviterte i mai alle kommunane i fylket til oppstartsmøte for å etablere eit eige regionalt nettverk for arbeidet med aldersvennlege lokalsamfunn. 15 kommunar deltok i møtet. Ei arbeidsgruppe er no sett ned, og består av representantar frå kommunane Fjaler, Voss, Askøy og Stryn. Gruppa har ansvar for framdrift og aktivitet i nettverket. Statsforvaltaren og KS skal følgje arbeidet og bidra etter behov.

Fellesarena for Vestland

Det regionale nettverket skal vere ein fellesarena for kommunane i Vestland. Målet er å dele erfaringar og utfordringar, og etablere samarbeid på tvers av kommunane.  Vidare er målet å rette merksemd på, men også styrke, arbeidet med aldersvenlege samfunn i kommunane.

Arbeidet for eit aldersvenleg samfunn er eitt av fem innsatsområde i kvalitetsreforma for eldre, Leve hele livet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.