Leve heile livet-reforma inn i ny fase og status i Vestland

Innleiararar på scena under Leve heile livet-konferansen i Sogndal.
Møteleiar Kari Birkeland (f.v.), saman med innleiarane Jørgen Dahlslett Ratvik, Anna Elise Ekroll, Jannike Sunde, Jorunn Folgerø Holm og Ruth-Berny Skjetne Lønning på konferansen i Sogndal 8. november. Foto: Janne Weltzien Listhaug.

Leve heile livet-konferansane i regi av det regionale støtteapparatet hadde deltakarar frå nær alle kommunane i fylket. Fekk du ikkje med deg konferansen, kan du sjå innlegget frå Helsedirektoratet her.

Publisert 25.11.2021

Temaet for konferansane var Leve heile livet inn i ny fase, for neste år startar arbeidet med implementering, gjennomføring og få på plass gode rutinar for arbeidet i kommunane. For mange vil dette gå hand i hand med vidare planarbeid. Dette var også noko av det om kom fram på konferansane -  kommunane er komne ulikt i arbeidet. Den raude tråden i konferansen var erfaringsdeling frå kommunar og organisasjonar, og dette skapte stort engasjement.

Sjå innlegget til Torstein Ouren, nasjonal prosjektleiar for reforma i Helsedirektoratet, nedst i saka.

Status i Vestland

Med bakgrunn i pandemien bestemte regjeringa tidlegare i år at reformperioden blir utsett til 2024. I Vestland er mange kommunar godt i gang med planlegginga av arbeidet, og har sett reforma på politisk dagsorden. Fram til no har 24 kommunar i Vestland gjort politisk vedtak om korleis dei vil legge opp arbeidet med reforma, og 18 kommunar melder at dei skal gjere politisk vedtak i løpet av 2021.  

På nettsida til Helsedirektoratet kan du lese siste nytt om reforma. 

Inviterer til dialogmøter

Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland har hatt dialogmøte med 22 av dei 43 kommunane i Vestland. Tema for møta er ofte det kommunen sjølve ønskjer hjelp til i Leve heile livet-arbeidet, dette gjeld i dei fleste tilfelle alle dei fem innsatsområda i reforma.

Vi oppmodar dei kommunane som endå ikkje har hatt dialogmøte, om å ta kontakt. Statsforvaltaren har ansvar for koordinering av arbeidet til det regionale støtteapparatet, og du kan ta kontakt med Åse Vaag, som du finn under «Kontaktpersonar».

Torstein Ouren - Helsedirektoratet

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.