Korleis skal vi saman planlegge for framtida?

Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet-reforma inviterer til fire regionale fagdagar om aldersvenleg samfunnsplanlegging.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.07.2020

Fagdagane vil handle om aldersvenleg samfunnsplanlegging, korleis løysingane i Leve heile livet-reforma kan utformast i planverk, og korleis jobbe på tvers i kommunen. Målgruppa er kommunedirektørar/rådmenn, planleggjarar, folkehelserådgjevarar, leiarar i helse- og omsorgstenestene, eldreråd og politikarar.

Plan og samarbeid på tvers i kommunane

Vi legg opp til arbeidsøkter der kommunane får diskutere eigne utfordringar. Vi oppmodar kommunane om brei deltaking på samlinga, målet er at plan- og helsefolk skal jobbe saman. Alle kommunane skal ha fått invitasjon, der vi ber om ei samla påmelding frå kvar kommune. Program og invitasjon finn du under «Dokument».

Tid, stad og kommuneinndeling

På grunn av smittevernomsyn og hotellkapasitet vil vi be om at følgjande kommunane melder seg på følgjande stader lista opp under. Om tid og stad er problematisk, send oss ein e-post.

Leve heile livet-reforma

Reforma legg i denne fasen (2020-2021) opp til at kommunane skal kartlegge eigne behov og utfordringar, tilpasse og innarbeide tiltak i planverk. Det blir også lagt opp til at kommunane skal behandle og vedta korleis reforma sine løysingar skal innarbeidast lokalt. Det regionale støtteapparatet skal hjelpe kommunane i arbeidet med å gjennomføre reforma lokalt. Støtteapparatet består av Fylkesmannen i Vestland, KS, Senter for omsorgsforsking, USHT, Fylkeseldrerådet og Vestland fylkeskommune.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.