Leve heile livet

Oppdatert 28.02.2024

Reforma «Leve heile livet» er gjennomført, men arbeidet med å skape aldersvenlege lokalsamfunn held fram. I satsinga «Fellesskap og meistring – bu trygt heime» er målet å skape eit aldersvenleg samfunn prega av openheit, tryggleik og fellesskap. Det overordna målet er å bidra til at eldre kan bu trygt heime lengst mogleg.

Satsinga er tverrfagleg og har fire innsatsområde:

  • levande lokalsamfunn
  • bustadtilpassing og planlegging
  • kompetente og myndiggjorte medarbeidarar
  • tryggleik for brukarar og støtte til pårørande

Alt det gode arbeidet som er gjort i «Leve heile livet», skal vidareførast inn i «Bu trygt heime». Helsedirektoratet jobbar med ein nasjonal handlingsplan for korleis fleire eldre kan bu trygt og godt i eigen bustad lengst mogleg.

Dialogmøte og læringsnettverk

Statsforvaltaren har hatt ei sentral rolle i å koordinere arbeidet knytt til «Leve heile livet». Statsforvaltaren har gitt alle kommunar tilbod om dialogmøte og sytt for at alle kommunar vart inviterte inn i læringsnettverk. Statsforvaltarane er ein del av det regionale støtteapparatet, der også KS og Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester er med. Vi har ikkje fått oppdrag i den nye satsinga enda. 

Vis meir

Leve heile livet som embetsprosjekt hos Statsforvaltaren 2020-2022

Prosjektet skal bidra til at kommunane møter endringane i befolkningssamansetninga på ein måte som gjer at vi kan leve gode liv så lenge som mogleg.

Statsforvaltaren vil bidra til 

  • at kommunane utformar gode, tilpassa tiltak og løysingar for arbeidet i eigne planar 
  • tett og godt samarbeid mellom sektorar i kommunane og hos Statsforvaltaren 
  • aktive og medverkande eldre i kommunane, og gode, tilrettelagte tilbod 
  • godt og systematisk arbeid med kompetanseheving, kvalitetsforbetring og pasient- og brukartryggleik i kommunane 
  • god dialog og likeverdig samarbeid mellom regionalt støtteapparat i fylket 

Det vert tilbod om støtte og rådgjeving til utvikling, iverksetting og evaluering av lokalt planarbeid og tilrettelegging av nettverk og møteplassar med kommunane, fylkeskommunen og  spesialisthelsetenesta. 

Prosjektgruppa hos Statsforvaltaren består Anne Eli Wangen (helse, oppgåveansvarleg), Janne Weltzien Listhaug (helse), Ragna Flotve (landbruk)Beate Helland (helse) og Siri Erdal (kommune og samfunn). 

I tillegg til det regionale støtteapparatet, har vi også ei koordineringsgruppe der fylkeseldrerådet i Vestland, Senter for omsorgsforsking og Vestland fylkeskommune også er med. 

Eit viktig grep i Leve heile livet-reforma er at kommunane deltek i nettverk for erfaringsdeling og læring. Vi har samla aktuelle nettverk for kommunane under.

Her kan du lese informasjonsbrev med nyhende frå Leve heile livet-arbeidet i Vestland:

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 07.03.2022

Kræsjkurs i mat og helse for eldre

Matgledekorpset i Vestland har laga ein kort film om gode måltid for eldre.


Publisert 17.02.2022

Nytt frå Leve heile livet-satsinga i Vestland

I det nye informasjonsbrevet kan de lese meir om relevant informasjon for Leve heile livet-arbeidet i Vestland.


Publisert 25.11.2021

Leve heile livet-reforma inn i ny fase og status i Vestland

Leve heile livet-konferansane i regi av det regionale støtteapparatet hadde deltakarar frå nær alle kommunane i fylket. Fekk du ikkje med deg konferansen, kan du sjå innlegget frå Helsedirektoratet her.


Publisert 13.10.2021, Sist endra 05.11.2021

Leve heile livet-konferansar i Sogndal og Bergen

«Leve heile livet inn i ny fase» er hovudtema for konferansane som det regionale støtteapparatet arrangerer i Sogndal 8. november og i Bergen 15. november. 


Publisert 06.10.2021, Sist endra 08.10.2021

Pasientsikkerhetskonferansen 2021

Pasientsikkerhetskonferansen har som mål å inspirere til arbeid med pasientsikkerheit, reduksjon av pasientskadar og forbetring i helse- og omsorgstenesta. Den går føre seg 3. og 4. november og blir heildigital.


Publisert 15.09.2021

Nytt frå Leve heile livet-satsinga

I det nye informasjonsbrevet kan de lese meir om relevant informasjon for Leve heile livet-arbeidet i Vestland.


Publisert 01.06.2021

Nytt frå Leve heile livet-satsinga

I det nye informasjonsbrevet kan de lese meir om relevant informasjon for Leve heile livet-arbeidet i Vestland.


Publisert 31.05.2021

Inspirasjonskonferanse om Leve heile livet

USHT Helse Fonna, Statsforvaltaren i Rogaland og Statsforvaltaren i Vestland inviterer til inspirasjonskonferanse 15. juni. 


Publisert 28.05.2021, Sist endra 28.05.2021

Podkastserie deler kunnskap om mat og måltidsglede blant eldre

Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland og Høgskulen på Vestlandet har i samarbeid produsert podkastserien Mat og måltid blant eldre. Alle episodene er no publisert.


Publisert 21.05.2021

Ny ernæringsstrategi for å betre kosthaldet for eldre

Strategien God og riktig mat hele livet skal bidra til betre kosthald og gode måltidsopplevingar for eldre som bur på sjukeheimar og eldre som tek imot heimetenester.