Ein trygg skuledag utan mobbing

Illustrasjonsfoto. Pixabay
Oppdatert 31.01.2024

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan krenking eller mobbing. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss du meiner at skulen ikkje gjer nok for å hjelpe deg, kan du ta kontakt med oss hjå Statsforvaltaren.

Sei frå til rektor først

Viss du ikkje har det bra på skulen, må du eller foreldra dine melde frå til rektor om kva du opplever. Rektor skal ta det du opplever på alvor, og skulen må undersøke det som har skjedd. Undersøkinga skal gje skulen informasjon slik at dei kan setje inn tiltak for å hjelpe deg. Du har rett til å seie kva du meiner og kva du ønskjer at skulen skal gjere. Du kan seie meininga di sjølv eller late andre gjere det for deg. Dei vaksne på skulen skal hjelpe deg slik at du får det trygt og godt på skulen.

Skulen skal alltid lage ein skriftleg plan med tiltaka som viser korleis dei skal hjelpe deg. Du har rett til å seie kva du meiner om planen, og du har rett til å få planen frå skulen. 

Sei frå til Statsforvaltaren viss skulen ikkje gjer nok

Rektor må kjenne til korleis du opplever skulemiljøet. Rektor har fem arbeidsdagar på å gjere deg trygg på at skulen skal hjelpe deg. Viss du etter dei fem arbeidsdagane ikkje er trygg på at skulen vil klare å hjelpe deg, kan du melde frå til oss hjå Statsforvaltaren. Det same gjeld viss du føler at skulen ikkje tek deg på alvor. Vi som jobbar hjå Statsforvaltaren skal først finne ut om skulen har gjort jobben sin for at du skal få det trygt og godt på skulen. Dersom vi ser at dei ikkje har gjort jobben sin, kan vi bestemme kva skulen skal gjere for at du skal få ein trygg og god skulekvardag.

Er du elev eller føresett og ønskjer å melde frå om utrygt skulemiljø? Då ber vi deg ta kontakt ved å bruke anten raud eller oransje meldeknapp. Viss du brukar den oransje meldeknappen, må du logge inn med ein elektronisk identitet (eID). Med ein sikker eID er personleg informasjon trygg på nettet og det er vanskeleg for andre å late som at dei er deg i digitale tenester. 

Vis meir

Kontakt

Sikker melding:

Du kan sende oss ein sikker melding. Dette er ein kryptert kanal der du kan sende sensitive opplysningar på ein trygg måte.

E-post:

For generelle førespurnadar om regelverket kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon om einskilde elevar/saker via e-post. E-postadresse: sfvlpost@statsforvalteren.no

Telefon:

Dei som jobbar med skulemiljøsaker hjå oss kan nås på telefonnummer 90 91 50 45. Telefontid er måndag til fredag 10:00 - 14:00. For andre saker eller spørsmål som ikkje gjeld skulemiljø, kan du kontakte vårt sentralbord på telefon 57 64 30 00.

Send oss gjerne ei skriftleg melding via meldingsskjema dersom du ikkje får kontakt med oss per telefon, så vil vi gje deg eit svar så snart som råd. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 30.03.2020

Ein trygg og god digital kvardag når skulane er stengde

Stengde skular gjer at barna i stor grad berre er sosiale på nett. Nokre elevar opplever digital mobbing og utestenging i spel og sosiale medium.


Publisert 23.03.2020

Eit trygt og godt opplæringstilbod når skulane er stengde

Elevane har rett til eit trygt og godt opplæringstilbod.


Publisert 31.10.2019

Inngripande tiltak i skulemiljøsaker

I saker som gjeld skulemiljø kan det vurderast å setje inn inngripande tiltak mot elevar.


Publisert 23.08.2019

Nye reglar om skulebyte – opplæringslova § 9 A-12

1. august 2019 er det sett i verk nye reglar om skulebyte som gjeld for vidaregåande opplæring. Dette inneber at skuleeigar i den vidaregåande skulen kan flytte ein elev til ein annan skule, dersom åtferda til eleven i alvorleg grad går ut over tryggleiken eller læringa til ein eller fleire medelevar.


Publisert 16.08.2019

Eit trygt og godt skulemiljø frå skulestart

Samtalar med elevane og samarbeid med heimen er sentralt når skulen skal følgje med på korleis elevane opplever skulekvardagen sin.


Publisert 26.06.2019

Skulen si plikt til å gripe inn i skulemiljøsaker

Alle som arbeidar i skulen skal følge med på korleis elevane har det på skulen og gripe inn overfor krenkingar. Skulen må dokumentere korleis dei har gripe inn i den konkrete saka.


Publisert 13.05.2019

Skulen si plikt til å følgje med i skulemiljøsaker

Alle som arbeider på skulen har ei plikt til å følgje med på om elevane har eit trygt og godt skulemiljø.


Publisert 04.02.2019

Tiltak i skulemiljøsaker – ny nettressurs

Utdanningsdirektoratet har utarbeida ein ny nettressurs med døme på ulike typar tiltak som kan vere eigna i skulemiljøsaker.


Dette står i lova

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø.

Alle elever har rett til et trygt og godt skolemiljø. Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vold, diskriminering og trakassering.

Skolen skal hele tiden jobbe for å få et best mulig skolemiljø og at skolen skal oppleves som trygg og god for elevene. Rektor har ansvaret for at dette blir gjort.

Alle voksne som jobber på skolen skal følge med på at elevene har det bra og gripe inn mot mobbing og annen krenking. De skal også varsle rektor hvis de får mistanke og kjennskap til at en elev ikke har det trygt og godt.

Dette står i opplæringsloven  kapittel 9A.