Brårfjell naturreservat

Brårfjell naturreservat ligg i Kleivgrend i Fyresdal, om lag 9 km nordvest for Fyresdal sentrum. Arealet ligg i den austvendte lisida av Nautefjell/Brårfjell, rett nordvest for Bondalsvatn.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.11.2019, Sist endra 13.03.2023

Lisida er bratt og steinrik. Delar av området er meir aktiv og open rasmark, medan det øvste partiet er snaufjell. Berggrunnen er gneis og granitt. Området har særskild naturvitskapeleg verdi fordi ein finn sjeldsynte skogtypar som alm-lindeskog og lågurtskog, og i tillegg mange artar av karplanter, mose, sopp og lav som òg er sjeldne å sjå.

Området er verna for å ta vare på eit skogområde som har særleg verdi for biologisk mangfald grunna førekomst av rik edellauvskog og ein rik flora.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding