Lisensfelling av ulv utanfor ulvesona i 2020/2021

Lisensfelling av ulv utanfor ulvesona er frå 1. desember 2020 til 31. mai 2021 eller til kvota er fylt. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.11.2020

Lisensfelling av ulv utanfor ulvesona i Viken er delt mellom to rovviltregionar, region 2 og region 4. Det er nett gjort mindre justeringar i rovviltregionane. 

Rovviltnemnder

Dei tidlegare fylka Oslo, Akershus og Østfold utgjer rovviltregion 4, medan Buskerud er ein del av rovviltregion 2 der også Vestfold, Telemark og Aust-Agder inngår. Fylkesmannen i Oslo og Viken er sekretariat for nemndene for begge regionane.

Kvote i region 2

Rovviltnemnda i region 2 har vedteke at ein kan felle inntil 3 ulvar. Kvota er felles for heile regionen. Vedtaket kan ikkje påklagast. Vedtaket kan ein laste ned frå Miljøvedtaksregisteret.

For å høyre tilgjengeleg kvote ring 32 26 67 00 blir (oppdatert ved jaktstart).

Felt ulv i region2 skal utan opphald meldast til:
Fylkesmannen i Vestfold og Telemark på telefon: 900 43 915 / 950 77 102

Les meir om saka på heimesida til Fylkesmannen i Oslo og Viken

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.