Sjekk kartet før du plukkar ramsløk!

Ramsløk.
Ramsløk. Foto: CC2.0 / Gailhampshire.

Sesongen for plukking av ramsløk er i gang. Men viss du plukkar i eit verneområde kan det vera forbode.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.04.2021

Pestotrend gir slitasje

Ein trend dei seinare år er å bruka blada til å laga pesto, og mange plukkar store mengder som hamnar på kjøkkenbenken. Ramsløk veks i nokre av Vestfold og Telemark sine rikaste edellauvskogar. Nokre av desse er verna, og her er det i hovudregelen forbode å plukka planter.

- Vi har fått meldingar om at ein no ser slitasje på bestand av ramsløk i enkelte av verneområda, fortel fagsjef Arne Christian Geving på miljøavdelinga hos Fylkesmannen. – Dette handlar nok først og fremst om uvitenhet.

Strandvika naturreservat er døme på eit naturreservat med ramsløk-forekomstar. Men her er det forbode å plukka plantar.
Strandvika naturreservat er døme på eit naturreservat med ramsløk-forekomstar. Men her er det forbode å plukka plantar. Foto: SFVT.

 

Sjekk kartet før du plukkar

Artsdatabanken har kart over registrerte forkomstar. Samtidig kan du sjå kvar det er verneområde, slik at du ikkje plukkar uloveleg.

Sjekk kartet over ramsløk på Artsdatabanken.no

 

Plant ramsløk i eigen hage

Hugs at du og kan plante ramsløk i eigen hage. Hagesentra seljer frø og plantar, og kan gje gode råd.

Du kan kjøpe ferdige plantar på hagesentra.
Du kan kjøpe ferdige plantar på hagesentra. Foto: CC2.0 / Blumenbiene.

Les meir om "nordens kvitlauk" og nokre gode "ramsløkvettreglar" her...

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding